onsdag 3. oktober 2012

på Seminaret til Bærekraftpiloten i Lærdal: Smak av Sogn

Fredag 28 september hadde Bærekraftpiloten i Lærdal seminaret Smak av Sogn i Lærdal kulturhus. Mange nyttige og gode foredrag. Kompetansenavet Vest var der som tilhøyrar og hadde stand på workshop'en. Her er ei lita oppsummering av inntrykk og ting eg merka meg - sett i lys av det å vere produsent av lokal mat.




Program her.

Ordføraren i Lærdal opna konferansen og påpeika kor godt det var for bygda at dei hadde vore på TV (gøy på landet på TV2). Lærdølene hadde jo sett på TV kor fint dei hadde det i bygda si. Og paradokset at lærdalsråvarene var å finne i matbutikkane på Voss, med gardsnamn og det heile, medan i butikkane i Lærdal så fant ein ikkje poteter frå Lærdal.... Prosjektleiar for Bærekraftpilogen Helene Maristuen fekk mykje ros frå ordføraren og det viste seg utover i konferansen at ho fortjente. Ho har evna til å samle aktørar og handlekraft - det blir spennande å følge prosessen vidare!

Marit Hjortung - FMLA Sogn og Fjordane.

Fylkesmannen si landbruksavdeling har vore og er ei svært viktig brikke i utviklingsarbeidet i Landbruket. Marit har ansvaret for matspesialitetar og mobiliseringstiltak retta mot næringsutvikling på garden. Marit starta i jobben i mars i år og kom frå arbeid i 15 år i reiselivs-/destinajsonsselskapa i Sunnfjord. Meldinga frå FMLA var klar - tenk muligheiter, koblingar og samarbeid. Marknaden er der og etterspurnaden er aukande - det viser interessen for matfestivalane i det siste og det seier produsentar som har helde på ei stund. Men klarer den "vanlege" kunden å finne matspesialitetane, er produkta tilgjengelege nok for kunden? FMLA har framover store oppgåver og følge opp regjeringa sitt store mål om 20% produksjon og forbruk av økologisk mat, Sogn og Fjordae er føregangsfylke på dette området. Det er eit spørsmål om alle som vil finn fram til hjelpemiddela som FMLA sit på, difor vil dei framover jobbe opp mot kommunane for å fange opp aktørar som treng oppfølging for å komme seg vidare. Her har også Kompetansenavet ei viktig rolle, slik at aktørar som FMLA fangar opp kan få hjelp med næringsmiddelplanane sine hos Kompetansenavet.

 

Røros Bergstad og Circumferencen.

Hilde frå Røros presenterte bærekraftpiloten på Røros, der fleire kommunar samarbeidar. Når nasjonen Norge skal marknadsføre seg ute så er det fjordane og Lofoten som vert vist fram. Dette har på mange måtar utfordra Røros ekstra i å spisse kommunikasjonen og valg av målgrupper. Kundane på Røros er 90% norske. Denne presentasjonen var eit studium i seg sjølv og eg oppfordrar til sjølvstudium på nett eller ta kontakt med dei om ein ysnkjer å sette seg inn i dette. Men kort oppsummert så har arbeidet handla om sissing av kommunikasjonen, beviste verdivalg som alle aktørane aktivit brukar (dette er merkevarebygging i praksis...)  Du får utmerkingar etter kva ferdigheiter bedriftene kan dokumentere at dei har, går du på guidkurs eller Lokalkunnskapsprogram som dei kallar det, må du i tillegg til kurs på sjølvstudium på museum, hos opplevingsbedrifter og få stempla kortet ditt, ved oppnådd antall besøk, kan du smykke deg med hestesko som bevis på at du er skodd for å vere vertskap på Røros. Dei har hatt 450 personar gjennom vertskapskurs, det er ein bra salgsstab det!
Nøkkelord er samhandling - det har gitt suksess på nokre få år og internasjonale prisar.

Mat langs Nasjonale Turistvegar.

Heldige de bedrifter som ligg langs ein nasjonal turistveg!!! Her ligg det antakeleg veldig store muligheiter framover. Når desse vegane no etter kvart er opne, dette blir marknadsført og responsen kjem frå publikum. Eg seier berre utforsk meir her: www.matlangsnasjonaleturistveger.no og siterer baksida på magasinet vi fekk utdelt: Nasjonale turistveger er atten utvalde vegstrekningar som går gjenom den vakraste og mest varierte norske naturen. Det magasinet du no held i handa, og matreisebloggen matmatlangsnajonaleturistveger.no er den fyrste smaksprøva i Landbruks- og matdepartementet si satsing for å synleggjere dei særmerkte matopplevingane og reisemåla som finst langs tursitvegane. Denne utgåva tek deg med til Sognefjellet, Geiranger-Trollstigen, Gamle Strynefjellsvegen, Valdresflya og Rondane - fem strekningar med eineståande kulturlandskap, godt vertskap og lokale freistingar. Magasinet er reklamefritt og kan bestillast.

Inspirasjonssamling for bedriftene er 3-5 oktober på Lom.
Du kan også følge dei på Facebook.

Hanen
Ole Johnny Trangsrud presenterete eit engasjert innleg om det å levere til forventinger, vi skaper forventinger når vi informerer om våre produkter. Er det interessant for kunden å vete kor mange vinterfora sauer garden har eller kor mange århundrer garden har vore i slekta. Er dette informasjonen som ligg først på heimesida og så nederst innerst i ein krok finn ein tilbod om pølser og priser på overnatting i det beskjedne sommarhuset som vi leiger ut. Hanen har jobba mykje med dette å levere til forventningane, men ein skal også by på seg sjølv ikkje skru ned forventningane. Gardsopplevingar er heilt klart noko enkeltturisten som kjem til Norge etterspør, sjå berre her på opptak som Ole Johnny gjorde av to lykkelege turistar. Dette illustrerer godt kva desse søkte, fant og fekk innfridd meir enn forventa. www.hanen.no
 
Sakte
 
Stine Karlsen orienterte om korleis Sakte Alliansen jobber. www.sakte.no
Korleis bygge i plattform slik at ein på tvers av ulike produkt ein tilbyr kan marknadsføre seg samla.
Sjå oversikt over bedriftene som er med i alliansen på websidene.
 
Men kor starter eigentleg ei merkevare? Oppskrift følger under første bilde her:
 

Oppskrift blir då: Dei som gløder og lever for produktet = ei ildsjel og produktet i seg sjølv som er unikt i kategorien og held ein høg opplevd kvalitet. Dette blir til saman ei merkevare og betalingsvilligheita stig. Tek du vekk det eine så mister produktet sjel eller ildsjel utan eit godt produkt har heller ingenting å selje. Slik kan dette illustrerast:

Sakte har brukt mykje tid på å arbeide med kven målgruppa er og korleis skille seg ut i kategorien. Ein skal vere attraktiv for målgruppa og ein skal levere noko anleis. Bedriftene i alliansen er samtidig ambassadør for den regionen vi kjem frå. Dei har kontakt med gjesten og har mykje lokla kunnskap. Gjesten på si side er karrakterisert av å vere nyskjerrig og sosial - er ikkje redd for å spørre.

 
Sakte leverer natur, aktivitet, kultur og lokal mat. Under pakking og samarbeid vart eit produkt trekt fram der ein rask aktivitet som fjordrafting stopar i Skjerdal der turisten går i land og ruslar opp til stølen til Anne Karin og får seg ein ekte og minnerik oppleving både med oppstiginga til stølen, det verkelege livet i den vesle bratte bygda, kulturlandskapet og til slutt prosessen med geit inn der og ost ut her som Stine sa det. Stølen hos Anne Karin er liten og kompakt der får du innblikk i korleis det har vore og er i dag, smaksoppleving i den vesle kafeen og tett på råvarene og ystinga.

Aktørane i sakte kan kvar for seg ta med seg materiell ut på marknad, dei kan vere seg sjølve, men også vere gode ambassadørar og ha høg kunnskap om kvarandre. Dette gir samla styrke og for eks. når ein skal kjøpe annonse i magasin så kan ein leie lesaren til sakte sine sider og staden så finn dei fram til aktørane dei ynskjer eller blir interesserte i.

Kanskje ei samarbeidsform for andre bygder?

Sprossa
Else Rønnevig
Dette foredraget kom i stand fordi det kom avbud frå ein an aktør, men ut frå innleiingane vi hadde tidlegare så var dette eit lærerikt og svært inspirerande innlegg. Else har så utruleg mykje erfaring og ser det mulige der andre ville sakt dette var umulig. Bøkene henar er vel vert eit studium for alle som skal ta vare på gamle hus og gi dei atmosfære. Kommunikasjonsmessig har Else gått føre og bevist korleis ein i praksis skal få publikum til å forstå at handtverksvarer nødvenigvis må koste litt meir enn eit vanleg produkt. Vi fekk forsøket hennar med å ta 300 kr for brøda sine. Hæ?? seier du kanskje, men det gjekk: Ein tar ein Willy Wonka variant og legg eit lodd i 3 av brøda. (2 bøker og ein middag for 4 til verdi NOK 3000) = alle brød solgt. Eg har høyrt mykje om Else og sett på web sidene, men no fekk eg høyre ho live også. har du ikkje gjort et så kom deg på eit foredrag eller eit kurs med ho - det kan anbefalast. Boka om stølshus som kjem - blir på ønskelista til jul.
Nokre foto her:




 
 
Takk for ein fin konferanse og nydeleg lunsj!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar