mandag 18. januar 2016

Tilbod av kurs og kompetanse vinteren 2016

Velkommen til kurs og kompetanseheving vinteren 2016. 



Ved Sogn Jord- og Hagebruksskule finn du alle kurs vi tilbyr i mjølkeforedling. Dei fleste er no fullbooka, men du kan orientere deg om kva kurs som finst og program. Dermed er du klar til neste runde. 

Aurlandsseminaret 2016 - 5. - 6. februar - velkommen til spennande fagseminar i regi av Sogn Jord- og Hagebruksskule.  

Vegen mellom bonde og forbrukar har vorte lang og attgrodd. Men i dei seinare åra har nye trendar gjort seg gjeldande. Kva ynskjer dagens forbrukarar seg av oss som leverer mat? Korleis kan vi som bønder og matprodusentar møte desse ynskja? Kva moglegheiter opnar seg i ein marknad i endring?



Matsmiå 2016 - 10. - 11. februar - seminar og praktiske kurs, Haugesund. 

MR mat 2016, 9-10 mars - Rauma vgs, Åndalsnes. 
Aktuelle og matnyttige kurs og foredrag innan fagfelta kjøtt, melk, bakst, frukt og bær og servering. arrangementet har som mål å bidra til å vidareutvikle din bedrifts konkurransefortrinn. 

Har du spørsmål om kurs eller kompetanse du treng send oss ein epost. 
aud.slettehaug@sfj.no eller paamelding.sjh@sfj.no 



fredag 20. februar 2015

Kurs og konferansar mars 2015

Det lir mot vår, men før det rekk vi eit lite kunnskapsløft og erfaringsutveksling. Lokalmaten veks som aldri før og marknaden er verkeleg sugen på "nye" opplevingar. Det er plass til mange fleire i denne næringa, mange har lukkast godt og vakse seg passeleg store og mange er inne i vekstfasar. Dei som set igang har kort veg frå oppstart til godt sal, men innsats er det - svært mykje som skal lærast. Der kjem vi i Matnava inn og yter kompetansestøtte i den bratte lærekurva dette ofte er.

Matnava, Innovasjon Norge og FMLA tilbyr kurs i næringsmiddleproduksjon, rettleiing og viser veg i starten og gjennom vekst. Det å samle seg på konferansar der vi legg stor vekt på å få tid til erfaringsutvksling og oppleve eit måltid i lag har vi erfaring med fungerer for å skaffe overblikk, og samle impulsar til utviklingsarbeidet.  Starten av mars viser seg å vere ei tid då mange har TID til å vere med på samlingar.

Vi tilbyr også LANGE kurs - mjølkeforedling del 1 startar på mandag 23 februar (8 dagar) - der har vi fult kurs, men legg med linken til programmet her slik at de som treng dette kurset i framtida kan melde dykkar interesse.

Då ser lista slik ut og vi oppgraderer denne postinga:

Måndag 23. februar - Agro Businesspark har tek du sjansen? - samling på Fjordamattunet. Invitasjon på facebook  her.
Måndag 23. februar - Lokal foredling mjølk del 1 - Aurland, Sogn Jord- og hagebrukssule
Tysdag 3. mars - Sogndal - distirubusjon, pakking og logistikk - seminar. Vestlandskforskning.
Onsdag 4 og torsdag 5 mars - SIKT mot fjordane. FMLA og Kompetansenavet Vest. Går å berre ta ein dag. onsdag seminar, torsdag praktiske kurs. middag på Åmot Operagard onsdag kveld.
Onsdag 11 og torsdag 12 mars - Matsmiå i Haugesund - seminar og praktiske kurs. Matnavet sør og FMLA.
tysdag 10, onsdag 11 og torsdag 12 mars - Mat på Mære - 10 år! - Matnavet midt.

Til slutt Aurlandsseminaret som har jord, beite og fermentering av mat som tema. Program og seminaret har eiga webside her.  

Etter påske kjem det fleire kurs - kan nevne økonomi og kalkylekurs med Matmerk og Teknologisk institutt 4 og 5 mai på Voss.

Sjå ellers kurskallender hos innovasjon Norge  sidene til lokalmat og grønt reiseliv her.
Landbrukskurs - kurs for vestlandet her.



torsdag 9. oktober 2014

Program Hausten 2014

Fredag 17. oktober Matkonferansen i Eidfjord, BÆREKRAFTIG LOKALMAT OG MATKULTUR - smarte samarbeid i nettverk.  Facebook arr.  Program og påmelding her. 
Tysdag 28 og onsdag 29 oktober Bakekurs lefser, potetkaker, flatabrød og mjuklefse. Aurland/Lærdal. Påmelding her. 
Torsdag 30 oktober Pølsekurs, Mo. Info og påmelding her. 
Mandag 3 og Tysdag 4 november  Bergen/Algrøyna GAPE etter sau, inspirasjon og fagsamling foredling sau. Program og påmelding her. 
Fredag 28 - 30 november Aurland, Tradisjonell ølbrygging. Påmeling her.
Januar 26-30 innføringskurs i Ysting. Aurland Påmelding her. 

mandag 16. desember 2013

Studietur til Frankrike med Pascale Baudonel 16.- 22.mars 2014


 

Turen går til i Nord-regionen i Frankrike der dei har litt den same tradisjonen som oss i Norge med produksjon av smør og magerost. Her er det mykje å lære både om produksjon og om utstyr.
 Ystelærar, Philippe Classeau, på jordbruksskulen“Lycée agricole du Quesnoy” har ystekurs for oss om føremiddagen og organiserer ysteribesøk om ettermiddagen. Pascale er tolk og turleiar. Pris: Ca 8000,-eks flyreise

Tema:  Yoghurt, smør, rømme, fastost modna med midd (Mimolette), fast magerost (Fromage de Bergues) og mjukost (Maroilles, bildet) .  

 

mandag 3. juni 2013

Løvetannsalat

Blir løvetann like vanleg å finne i salaten som ramsløk er blitt? Løvetann er kanskje på vei tilbake til kjøkkenet, nokre få blad og ein heil dagsrasjon av grønsaker er sikra, dermed kan vel også husholdningsøkonomien juble. Tid for kunnskapsbyks, prøving og feiling - det er definitivt tid for å sanke ugras!

Denne veka har eg renska ut kilovis med løvetann frå bed, plen, grusveg, mellom steinar og kor den måtte finne på å spire. Sist veke fekk eg servert løvetann og surbla på ulike restaurantbesøk i Washington, USA. Dette fekk meg til å lese meg opp på veksten som eg trur vi kjem til å bruke mykje meir av i maten og få oppleve på restaurant i sesong, slik ramsløk og etter kvart nesle er blitt vanlege ingrediensar.

Løvetannblada er bitter i smak, kan likne litt på roccolasalat. Den må haustast når den spirer, så kort sesong. Blomsten har muligheiter som drikke, saft, te og vin. Men rota er kanskje mest interessant. Den gir eg meg ikkje ut på å skrive meir om her - men linkar heller til meget utfyllande info: http://www.rolv.no/urtemedisin/medisinplanter/tara_off.htm

Og nokre saker til inspirasjon:
http://www.kk.no/871605/spis-lovetann
http://www.friluftsrad.no/file=5454
Så kan den interesserte google seg vidare på dendelions....


Så med opplest info om næringsinnhald i løvetann, overraskande gode rettar på studietur i USA

Løvetannsalat hos Acme Farms and Kitchen in Bellingham, WA.
Surbladsuppe på Mormor Bistro i Poulsbo, WA. 
og ein smule nyskjerrig på kva som kan smake godt nede i den spirande bakken vår, så var eg på ein kjapp sanketur og laga til denne retten 31 mai 2013.


Salat til ein person:


Frå hagen:
5 surblad
8 løvetannblad
4 stilkar grasløk
4 marikåpespirer
1 løvetann blomst
2 kvastar engkarsse
1 stilk rabarbra (la i kald sursøtlake (eddikk og honning) 1 døgn)
 
Frå kjøleskåpet:
1 lita gulrot (økologisk frå butikken)
2 salamipølser strimla
2-3 ss reve Sterkenils (ost frå det vesle ysteriet med dei store smakane, Samnanger)

Bringebærvinaigrette laga frå botnen av:
50 gr økologiske bringebær frå Kroken i Luster.
2 ts sommarhonning frå Sognabia i Lærdal (så søtt som ein vil ha det)
Litt eplejus frå Fjordane Gardspresseri
Eddikk, for eks. bringebæreddikk frå Kroken Frukt og bær,
Sar frå Høgt og Vilt urter frå Devik
pepper (nykverna svart - fordi eg må ha det... kan sløyfast)
Dijon Sennep og heile sennepsfrø
Olje (obs. mild smak - evt. droppe om ein ikkje har rett type). Eller ha på olivenoje i tillegg til vinaigretten.
 
Resultat:
 
Magnus 20 månader syntes det var rasande moro at mamma åt bombst og måtte smake:
 
Kompetansenavet vest har kurs i ville vekstar og for deg som driv med servering kan vi tilby hjelp av matkontakten vår Hanne Frosta som jobbar mykje med smak og bruk av ville vekstar.
 

mandag 8. april 2013

vår for lokalmat

 
Omsider vår og vår er det også for omsetning av lokalmat...
 

 
Det er tid for våronn omsider. Bloggen her har stått litt stille, men menneska bak har definitivt ikkje stått stille i vinter. Kursaktiviteten på Sogn Jord og Hagebruksskule, Kompetansenavet og alle våre samarbeidspartar har blomstra og vi har verkeleg stått på i vinter. Blir spennande å fylje alle kursdeltakarane og prosjekta vidare. I tillegg har mange hatt besøk og fått fart på sine små og store utfordringar, planar, søknader osv. Ei mengde nye produsentar kjem til og alle vi andre som har helde på ei stund ser ein knallbra og utruleg vekst! Bondens marked i Bergen har marknad annakvar veke no. Omsetninga går litt opp og ned, men det er opp og ned frå bra til veldig bra. Aldri under det som er brukbart, dvs. at produsenten set igjen med nok til å dekke sine utgifter med salget både tidsbruk og fysiske utgifter.Det har vore 17 til 20 deltakar no på vinteren. Det er berre å satse folk - denne maten vil folk ha - det er det liten tvil om.
 
Bilder her:
 



 


torsdag 22. november 2012

Bagatellisering frå TAD i dag

Då har det vore ei rekke artiklar om avgiftene den siste veka. Mange har uttala seg inkl. oss i Kompetansenavet vest. I artikkelen i papirutgava av nationen i dag så kjem det fram at avdelinga for særavgifter hos TAD ikkje synest produsentane kan ha noko stor jobb med avgiftslagera. Ikkje mykje audmjuk haldning der nei. Og litt vel arrogant å påstå at det må jo vere i produsenten si interesse å ha oversikt over eige lagar.


Vanskeleg å lese dette så send ein epost: aud.slettehaug@sfj.no så sender eg den over.


La meg seie det slik - å ha oversikt over eige lager er no ein ting - men å skulle dokumentere lageret for inspeksjon til ei kvar tid er ikkje berre litt forskjell, men ganske stor. Finn TAD avvik i det dokumenterte lageret kan dei med lova i hand pålegge produsenten ekstra avgifter. Og eg forstår fortsatt ikkje kvifor same produsent kan rapportere mva ein gang i året, men må dokumentere bringebærsafta si med antall flasker  her og der på dagen. MVA er vitterleg ei mykje større avgift enn sukker- og miljøavgifter. Det er heller ikkje lenge sidan TAD gjekk over til elektronisk innrapportering og vi veit jo alle at altinn fungerer jo til ei kvar tid.

La oss rekne litt tid og verdiar for produsenten her:
Å registrere eit skjema på altinn tek minimum 15 min uansett kva du skal gjere med all mulig slagsinnlogging og signeringar. Legg du til tida det tek å føre lageret sitt kvar dag så tek dette også  minimum 10-15 min pr gang du skal gjere noko med det og har du salg/inn og ut av lageret ditt minst 200 dagar i året så er det lik 2000 - 3000 minutt som er 33 - 50 timar lagerføringstid i året pluss rapporteringa til altinn: 15 min x 12 rapportar= 3 timar (sjølv om du har null i sal så må du ta deg tid til å rapportere 0). I tillegg kjem betaling for avgifta i nettbanken, føringa av utgifta i rekneskapen også minst 3 timar i året. Anna brevskriving og evt besøk frå TADset vi til snitt 2 timar i året.
Totalt med lågaste tal min for lagerføring 10 min lagerføring 200 dagar i året (33 timar) + 8 timar adm arbeid = ca ei vekes arbeid går vekk til dette i året. Saka er at dette er nett den same tida som dei store bedriftene brukar  då dei har dette digitalisert og går mot ordrar, hos dei små går det manuelt og folk flyttar på flaskene i tillegg.

Set vi timesatsen til kr. 350 x 41 timar til dette pr år =  kr.14 350,- 


Ta vekk kravet om full lagerstyring og rapportering ein gang i året så ville kostnaden for dei minste bedriftene vore nede i under ein time og telling av lager kunne vore samtidig med varetellinga til årsavsluttninga. Antall einingar selde i løpet av eit år må ein sjølvsakt registrere så litt meir tid vil det ta gjennom året men likevel langt enklare.

Det blir litt meinigslaust når TAD påstår i artikkelen i Nationen i dag at dette ikkje er noko ekstra arbeid for dei små produsentane - dette heng ikkje saman med det Giske har lova dei små bedriftene. Kva vinn samfunnet på å måtte ha slike avgiftslager på sukker og drikkevarer av jus? Då har vi ikkje ein gang starta på miljø og helsedebatten i dette.... eller satsinga på lokalesmakar og drikkevarer.

Heldigvis har Høgre og Frp lova å sjå på saka - vi får håpe dei klarer å følge dette opp. Og her i Kompetansenavet vest fyljer vi nøye med.