tirsdag 26. april 2011

plukk ugras!

Det er vår og no yrer det av små nyttevekster som sprett opp i naturen: marikåpe, skvalderkål, bjørkeblad, ramsløk, kjørvel. Seinare kjem granskudd, løvetann, og og...
Dette må haustast når dei er på sitt beste, og når er det? Konservere? Korleis gjer vi det? Legge på olje, tørge, fryse... Kva kan dei brukast til? Lurer du på dette så bli med oss på seminar:

Søndag 22. mai skal vi ha eit seminar på Høyden i Bergen der vi skal gå gjennom bruk av ulikt ugras og naturelge nyttevekster. Seminaret er opent for alle, men kokkar, serveringsbedrifter av lokal mat og foredlarar av nyttevekster vert prioritert plass. Meld deg på til paamelding.sjh@sfj.no

Føredragshaldarar vert mellom anna Bjørg Devik Aurlien som driv Høgt og vilt urter frå Devik og Hanne Frosta, Hanne på Høyden.

Velkommen!

onsdag 13. april 2011

Mat, makt og avmakt. Matkjedeutvalgets maktanalyse

Som leder i Bondens marked i Sogn og Fjordane og som dagleg leiar for kompetansenettverket for lokal mat kan det vere på sin plass at eg kommenterer nokre punkt som kjem fram i analysen. Eg vel å kommentere nokre poeng som kjem fram i analysen som har direkte konsekvensar for dei som produserer lokal mat og matspesialitetar.

Går vi nokre få år tilbake i tid var det nesten ein kuriositet å finne lokalt framstilte produkt frå små produsentar i butikk i Noreg. I dag er det ikkje vanskeleg å komme inn i butikk - dørene står opne. Men det er ei heilt anna sak å få god hylleplassering og bli synleg i sortimentet. Nokre butikkeigarar har så pass stor makt i sitt eige kjedeparaplysystem at dei kan stille ut lokale varer slik dei ynskjer, men mange små kjøpmenn må nok avgrense slik plass for å fylle dei krava som kjeda set og som igjen er diktert/framforhandla av dei store leverandørane, eller til butikkjeda sine EMV. Difor er det svært positivt for næringa at det blir foreslått å sjå på Franchisepraksisen og gi meir friheit til kjøpmannen, det vil kunne gi kjøpmannen større spelerom til å påverke eige sortiment også varer som er lokalt forankra med regionalt særpreg. Meir makt til kjøpmannen er ein viktig faktor for at døra for lokale matspesialitetar skal bli endå meir open.

Det er lett å komme inn med ei eller to varelinjer i ein butikk, men det er kanskje verre å få inn den 3 eller 4 varianten. Butikkane skyldar også ofte på at dei ikkje vil ha så mange leverandørar å forholde seg til slik at lokale produsentar blir tvinga til å bruke ein grossist som distribuerer varene for dei. Saman med dårleg hylleplassering og lite synlegheit for produsent og merkevara så blir ein "kvelt" i sluttleddet og mange små produsentar vel å trekke seg ut igjen frå butikkdistribusjon og satsar heller på direktesal og eit lite utvalbutikkar. Eit av forslaga som kjem i dag er å lette distribusjonskostnaden for lokalproduserte matspesialitetar. Dette i lag med større makt til kjøpmannen om å få velje ut sitt varesortiment kan vere eit godt grep for å få opp utvalget av lokalevarer i ulike kategoriar.

EMV - vi har eksempel på at lokale matspesialitetar har inngått i EMV. Det som er synd er at forbrukaren gjennom EMV får problem med å kjenne igjen produsenten og opphavet til varene. Jacob's utvlagte er et slikt EMV merke. Det er bra for produsenten å bli tatt inn her, men det bygger ikkje meir kjennskap til produktet, produsenten, måten og arbeidet som er lagt ned i råvara. Økologisk Kalkun frå Hardanger var merka Coop Smak forskjellen før jul i 2010, men det er spørsmål om ikkje vara vart anonymisert og forbrukaren vart lite kjent med produktet sine faktiske eigenskapar og arbeidet bak. Vara er tilgjengeleg, men taper i konkurranse med prisfokusert konvensjonell kalkun med ein slik EMV strategi. Forbrukaren blir taparen fordi dei ikkje får informasjon nok om ulikskapane i produktet. Butikk kjeden frå opp varesortimentet i kategorien, men vara blir nok hyllevarmar mot prisfokuset i same butikk.

Vareutvalet er der, men vi som forbrukarar forstår ikkje verdiforskjellane når dei ikkje blir presentert for oss. Kvalitetsvarene vert anonymiserte til fordel for prisfokus i sisteleddet. Som forbrukar har vi ei vektskål der pris må stå i forhold til kvalitet. Vi er villig til å betale mykje for noko vi verdset høgt. Kjem ei høgt verdsett vare til ein litt lågare pris kjøper vi endå meir. Men når vi ikkje blir fortalt eller forstår kvaliteten då kjøper vi ikkje. Dermed går mange glipp av den gode kvalitetskalkuna frå Hardanger, den blir anonymisert for oss i staden for at vi kunne ha vore stolte, fått fortalt eigenskapane i produktet og fått matkultur på kjøpet.

Jamt over klarar den lokale matspesialisten å finne marknadskanalar, men vi kunne ha produsert så mykje meir og hatt betre lønnsemd dersom vi også hadde hatt litt større volum og litt billegare og lettare distribusjonar. Større volum får vi når salet av varene aukar i marknadskanalane. Men for at ein skal lukkast med å bli selt så må varene vere kjende. Gjennom direktesal som på Bondens marked får forbrukaren kontakt med produsenten og denne kontakten må også gjenspegle seg i andre salskanalar som i ein butikk.

Debatten dei siste dagane er prega av at ein del aktørar prøver å dra fordeler av analysen og posisjonere seg på den. Reitan til sin fordel, Bondelaget til seg og Senterpartiet si retning osv. Men dette er ei analyse av maktsituasjonen i sisteledda av ein verdikjede. Som lokalmatprodusent så står vi eigentleg litt på sidelinja og ser på spelet. Det skulle vore kjekt å vore meir med og vore ein del av eit større utval i butikkane, men reglane eller mangel på dei verken forstår vi eller er interesserte i å sette oss inn i. Men ein ting har vi fått stadfesta i dag og det er at utvalet i norske butikkar er betydeleg mindre enn våre naboland og vi kan håpe at kjedeleiingane vil lytte til forbrukarane om eit ynskje om større mangfald også for lokale matspesialitetar.


Sjå ppt presentasjon av analysen her.
Finn rapporten her.

NB! Alle som blir omtalt i analysen har eit insitament til å posisjonere seg. Dei vil dra saka til sin fordel, inkludert det eg skriv her. Difor les analysen, les konkusjonane og ikkje baser diskusjonane vidare på det som kjem fram i media eller dei enkelte interessentane sine poeng. Pressekonferansen ligg på nrk morgonnytt, 32 minutt ut i sendinga.