torsdag 18. oktober 2012

Forretnigsplanen er viktig

Uansett stadier bedrifta er i så er det viktig å ha ein plan å jobbe etter. Men forretningsplanen vert kanskje ikkje jobba så mykje med før nokon etterspør den, for eks. når ein skal søke om støtte til prosjektet hos Innovasjon Norge. I dag vil eg difor stresse dette dokumentet litt og spørre - kan eg få lese forretningsplanen for dei neste 3 åra?

Bladet Norsk Landbruk gav i 2010 ut eit ekstranummer: markedsføring som spesialbilag. Her har dei ein artikkel om forretningsplanen på side 17- 19. Kompetansenavet Vest har kjøpt inn dette ekstrabladet så vil du ha det tilsendt så kan vi ordne det mot kr. 60,- for dei utanfor regionen og gratis for dei i Hordaland og Sogn og fjordane.

Men kva er forretningsplanen og kva skal den innehalde.
Sitat frå artikkelen: "Forretnignsplanen er en systematisk gjennomgang av hva du planlegger å gjøre, fra ide og helt fram til kommersialisering og drit. I møte med potensielle investorer, samarbeidsparter og andre offentlige og private finansieringskilder er det viktig med en gjennomarbeidet forretnignsplan. Alle som satser penger på produktet, ønsker å vite hva de gir seg ut på."

Forretnignsplanen blir på mange måter et avtaledokument mellom bedrifta/produktet og finansieringsinstitusjoner. Men også eit viktig dokument å evaluere etter. Kva trudde vi, kva fekk vi til, kor gjekk det betre/verre enn forventa? Slik at for ei bedrift i løpande drift vil det vere bra å justere planen av og til og stake ut ny kurs. Dessverre blir dette ofte gjort for seint slik at kriser alt er oppstått eller det går bra og ein overser muligheiter for innsparinger eller betre salg. Difor ta av og til kalkyleberekninger på forretningsområder enten det går godt eller mindre bra....

Kva skal ein Forretningsplan innehalde?
Det finst mange sider ein kan hente ned maler frå: www.etablerer.no www.bedin.no
Hovudelement er at produktideen blir definert og forklart, betraktninger om marked, økonomien i drifta i form av eit driftsbudsjett over 3 år, Finansiering/kapitalbehov, organisering av verksemda.
Innovasjon norge har ein mal på oppsett her http://www.innovasjonnorge.no/Bygg-en-bedrift/Forretningsplan/ det er ikkje nødvendig å svare på alle spørsmåla, men tabellane her er gode og lister opp det som bør utarbeidast.

Skal du i gang med ein søknad til vekstfinansiering eller etablering så må du arbeide godt med dette dokumentet. Det kan virke litt omfattande og stort, men det er ikkje det. Spørsmåla er nyttige å ha arbeida med og på denne måten får du systematisk jobba deg gjennom planen. Det finst mange kurs ein kan gå på næringsselskapa i kommunen din kan ha slike etablerer kurs og nett no er det tilbod om eit kurs frå norsk landbruksrådgjeving i Hordaland i februar det å lage forretningsplanen for gårdsbruk: http://hordaland.lr.no/nyhetsarkiv/2012/15386/

Når det gjeld å konkretisere forretningsideen/produktet for etablering eller vekst så kan det søkast om besøksordning frå Kompetansenavet der du får nokre timar i lag med rådgjevar på områder som krev næringsmiddelfagleg kompetanse. Skal du for eks. starte med foredling av kjøtvarer eller mjølk så vil det vere mange avgjerder som kan vere utfordrande å ta åleine. Hopsitering kan også vere aktuelt.

Eller har du rett og slett vurdert om produktideen din er innovativ nok? Går du langt nok, tenker du stort nok, kunnskapsparkane under SIVA har også satsing på mat/foredling. I Norge er vi flinke til å sende råvarene frå oss, vil det vere mulig å skape foredling/verdiauke av desse råvarene lokalt eller regionalt? Så til slutt vil eg gi eit eksempel til ei råvare som vi har i naturen - mjødurt - kva muligheiter finst i denne råvara? Til no har den blitt brukt som krydder i ein ost, litt drikkevare og som krydderurt. Men kva potensiale har denne planta om nokon lagar ein forretnigside berre på hausting og foredling av denne ressursen? http://www.skogoglandskap.no/Artsbeskrivelser/mjodurt_er_vanlig_i_hele_landet

Lykke til med forretningsplanen då!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar