tirsdag 30. november 2010

Planlegging av studieturar sjå kva vi held på med!

Kompetansenavet vest har fleire spennande studieturar og kurs i utlandet på blokka. No gjeld det å få på plass dei rette opplegga. Skal vi ha kurs på desse turane eller berre sjå? Kor mange timar i bil og ikkje? Tidspunkt og lengde på turane. Slike opplegg treng lang planlegging så nokre av tilbuda vert vinteren og våren 2012. Men første tur får vi til alt i mars 2011 og går sannsynlegvis til Danmark der Camilla Plum sin gard står høgt på lista. Men her er ei oppsummering og nokre lenkar til aktuelle stadar.

1. Danmark - tema Nordisk mat, økologisk, inspirasjonstur og møte felles nordisk tenkemåte innan matkultur, konservering og smak. 3 dagar, maks 12 deltakarar - ein må søke for å komme med. Fulgebjerggard.

2. Italia - tema kjøttforedling med spesielt fokus på spekemat, prosessar, tilstningar, kultur og mathandtverk. våren 2011 tidlegast, truleg vinteren 2012.

3. Tyskland - tema drikkevarer, fruktvin, cider, eple og fruktdrikkar. Dette blir ein tur med fokus på drikkevarer frå frukt. Under Biofach messa i feb 2010 kom vi over nokre svært interessante produsentar som vi har tru på vi kan lære mykje av. Vi arbeider med å få til kurs under turen i tillegg til å sjå på og besøke nokre produsentar. ca. 5-6 dagar. Turleiar Eivind Vangdal. Tidspunkt ikkje avklara.

4. Frankrike - tema ysting - vi søker rette behov, innhald og tidspunkt for dei tradisjonsrike ysteturane. Er du interessert i å vere med på ystekurs eller tur til Frankrike meld frå om dette slik at vi veit at det er behov og interesse for det. Truleg ny tur vinteren/våren 2012.

5. USA - tema direktesal, small farming og staten Washington. Denne staten kan likne litt på Norge både i storleik og folketal. Men sjølvsakt litt større forhold der borte. Men typisk avstand til Bondens marked er 4 timars køyring og ikkje så ulikt vestlandet. Universitetet i Washington http://www.wsu.edu/ har eit eige program for små familebruk, nettverk og kursverksemnd. Det hadde vore interessant å sjå litt utanfor Europa på korleis dei gjer det på salg der borte. Ei eiga grønn bok i salg er utvikla. Pike place market må opplevast og her har mange små produsentar faste bodar dei sel frå. Tidspunkt: sept 2011 eller sept 2012. September fordi då er det full fart i alle marked og innhaustinga på sitt beste. I tillegg ynskjer vi å ha kurs på Universitetet og det startar ikkje opp før andre veka i september. Blir begrensa antall deltakarar og søknad for å få vere med.

6. Norge - tema kjøtt, kan vi få til ein liten tur nordover for å sjå på kjøttbedrifter, utveksle erfaringar osv. For alle som driv med kjøtforedling.

7. Skottland - hjort, feltkontroll og hjortekjøtt inn i større næringskjede er eit satsingsområde for Kompetansenavet vest. Mange er i tenkeboksen rundt om for å bearbeide og foredle hjortekjøtet sitt. I Skottland har dei mykje slike råvarer, men får dei fram god nok kvalitet på sluttproduktet? Her er innsamling sett ut i større skala. Ser vi andre måtar å gjere dette på? Vi kan like gjerne lære av korleis ting ikkje skal gjerast som korleis ein kan gjere det. Feltkontroll av hjortevilt har vore i drift i Skottland ei stund - korleis fungerer dette i praksis? Turen vil ha begrensa antall deltakarar og søknad om å få vere med.


Nokon av turane som freistar? Ta kontakt med oss eller kommenter under. Send gjerne ein epost til meg slik at eg får inn meldingar om interesser. aud.slettehaug@sfj.no

fredag 29. oktober 2010

Matsminke og debatten om fosfat tilsatt kjøtt og fisk

Denne veka har Brennpunkt og Aktuelt avslørt at fosfat blir tilsatt foredla fiskeprodukt for å øke vekt og opplving av produktet. Videre hadde Dagsrevyen på NKR1 sak om dette i går torsdag 28. oktober. Der kom det fram at også kjøttvarer er tilsatt fosfat og særleg dei billege og bearbeida produkta. Matjuks er vanskelig å oppdage for folk flest. VG har fleire artiklar om saka også og det ruller i media "full matalarm". Men dette er ikkje første gang dette blir tatt opp. I 2004 var det ei liknande mediesak. Men det er ofte eit blaff og så har folk flest gløymt eller går tilbake til gamle vanar. D2 magasinet har ein artikkel om matjuks og Mats-Eric Nilsson (den hemlige kocken.) Les om mat i stedet for tilsetninger her. Dagsrevyen Fredag har også oppslag om saka, no vil kontrollorgana i EU (ESA) ha ei oppklaring også. Helse og omsorgsdepartimentet har sett Mattilsynet på saka og i Kristiansund har dei alt funne ulovlege stoff hos produsentar. Er det lovbrot her så kan sakene komme inn for EFTA domstolen.



For deg som driv med produksjon av lokal mat og skal ut å møte forebrukaren no dei kommande dagane og vekene kan det vere lurt å sette deg inn i saka og kunne svare. På nrk kom det fram at E 450 er fosfat det er ei lang rekke med stoff som går inn i dette eine nummeret. I tillegg er det ei rekk andre stoff som også er saltbindingsstoff. På spørsmål her anbefal å lese på matportalen.

Men no har vi fått hjelp igjen av medieoppslag om matjuks til å forklarar prisen på produkta som er kjøtt og ikkje kjøtt med 20% vatn i seg. Det kan rett og slett vere lurt å bruke denne anledninga til å informere litt ekstra. Ikkje for å skremme kunden, men for å informere om kvifor du vel å vere mathandtverkar og framstille reine varer. NRK har sett fokus på ein fysisk eigenskap med kjøtt og dette er rett og slett til hjelp til kommunikasjon av kvifor lokalprodsert mat har ein dyrare kg pris. Nortura er raske på foten med å fortelle at pølser frå nortura er uten fosfat.



Og viktig - all økologisk mat er uten fosfat også økologisk mat frå utlandet. Men obs obs - ver skeptisk til matmerkinga økologisk på importerte varer her er det mange som prøver seg. Men Oikos passer på. Spør om råd hos oikos dersom du vert i tvil.



Myter om E stoff viktig at vi informerer rett. Les Matportalen sine artiklar om dette. E stoff er ikkje farlegare jo høgare nummer. Brukar du natron som hevemiddel er dette eit E stoff og skal merkast. Brukar du samansette produkt som ingrediens i produkta dine skal dette også merkast og ver informert om kvifor og kva som er brukt.



Politikarar og forbrukarombud seier dei tek dette på alvor og lovar å følge opp saka. Det blir spennande å sjå kva som skjer framover. Er det eit blaff eller skjer det endringar. Fosfat i seg sjølv er på verdsbasis i så stor bruk og ikkje blitt ei stor helsemessig sak. Og det blir påstått at det ikkje finst dokumenterte studiar som viser skader der fosfat er direkte årsak. Det som er det mest alvorlege her er at matbransjen og særleg billegvaresegmentet prøver å unngå at forbrukaren skal oppdage at fosfat og tilsettningar er brukt. Det er for vanskeleg å vete for forbrukaren at det er i bruk. Igjen har matportalen ein artikkel om dette i dag.



Så konkusjon - det kan vere grunn til å legge litt arbeid i å kommunisere ut no at lokal mat er fri for matsminke. Her får du kjøtt og ikkje vatn. Reine produkt, her betalar du for kjøttvara og ikkje for vatn, saltbindingar. Maten her er ikkje ei varenummerlinje, men eit handtverksprodukt frå meg til deg. Dersom du legg på 20% pr. kg. i prisen på billigbaconet, så er kanskje ikkje det lokalproduserte så veldgi mykje dyrare.

Blir spennande å følge dette framover. For kurs om lokalprodusert mat sjå her. Sogn Jord og Hagebruksskule økologisk landbruksutdanning her.

torsdag 28. oktober 2010

Gratulerer Bodil og Gloppen Hotell

Vinner av Ganefart 2010 er Gloppen Hotell og Bodil Fjellestad. Les begrunnelsen i Nationen her. Vi gratulerer! Dette fortjener de! Bodil er kompromisslaus når ho er på kjøkkenet, ho veit kva ho vil og berre dei beste råvarene er gode nok. Rettane komponerer ho mesterleg både med tanke på økonomi i kjøkkenet og oppleving for kunden. Det har vore ei rivande utvikling ved hotellkjøkkenet dei siste åra. Det skal krefter, motivasjon og mange mange arbeidstimar til for å få fram dette noko som også viser igjen på omsetninga. Kokken må bruke tid hos råvareleverandørane og kan ikkje berre bestille eit varenummer. Men dette får kunden igjen for i økt matoppleving. Ikkje berre reint fysisk, men like mykje formidling av den verdiskapinga som bonden gjer og at ein veit kor råvarene kjem frå. Dette gir nærheit til maten som igjen er kulturbærar.

Fleire hotell ser no til Gloppen for å lære, Bodil sin kjøkkenfilosofi er trendy, framtidsretta og den innsatsen dei har sett inn på dette området vil lønne seg i åra som kjem. Det er berre å ynskje dokke lykke til og Ganefart prisen fortjener de så absolutt.

Men eg må slutte meg til ein liten ting i jurien sin kommentar og det er barnemenyen - inn med minihjortekarbonader, frikadeller og små porsjoner tilrettelagt for barn. Samme som dei voksne har. Harald Osa i stiftinga norsk matkultur brenn for dette for tida og på matkonferansen i Eidfjord 15 oktober fekk han salen til å våkne på dette punktet. Det er berre i Norge vi har barnemeny, og det er berre på restaurantar i syden der nordmenn går det finst barnemeny. Ellers et barn og blir servert det dei voksne får, dette er ein del av kulturbæringa og det å lære å smake. Her må vi som foreldre og kundar ta eit tak og endre våre måtar å formidle mat på. Taverposten nr 4 har ein artikkel om dette.

Er du kokk og lurer på å komme i gang med lokal mat på din meny så kan du ta kontakt med kompetansenavet vi har hospiteringstilbod, nettverk for produsentar og kurs. Måndag 1 november er vi på Ciderhuset i Balestrand og ser på eplejus som opplevingsdrikk, ostar frå regionen og Hanne Frosta viser oss ulike teknikkar med dessert. Vestlandet har frukt og bær som vår viktigaste råvare, men på hotell og kafear langs vegane finn vi stort sett standard puddingar og til nød frosne importerte bærblandingar med varenummer smak. Stikkelsbær, solbær, bringebær, kirsebær, moreller, rabarbra, blåbær, tyttebær. Smakssterke opplevingar som kan bli hugsa om vi set inn litt innsats på å formidle det.

tirsdag 12. oktober 2010

Mark Bittman heimelaga mat

I går brukte eg litt av arbeidsdagen til å sjå litt ut i verda, kva skjer eigentleg i debatten rundt lokal mat, bærekraftig matproduksjon og forbruk. Mark Bittman kom raskt opp og eit interessant foredrag ligg ute på Ted frå tilbake til 2000. Der han ivra for familiemåltida og det å sanke mat lokalt. Blir det økologiske bærekraftig når det skal fraktast verda rundt og kanskje arbeidskraft blir utnytta?



Så googla eg litt på True Food kva er dette begrepet - National Geographic har laga eit 8 stegs konsept for dette begrepet. Her er forfattarane av boka og deira begrunning for kvifor vi må få matsystemet vår tilbake til det det bør være.

Så tilbake til matboda - saft og sylt og fyll opp til vintermånadane - i følge Jernia så har salget av saftkokarar og bærplukkarar auka i haust - så då er vi vel alt i ferd med å endre vanane våre då??? På Bondens marked kan du i alle fall kjøpe mat laga på denne måten.

God haustferie!

fredag 8. oktober 2010

Siste kurs i konserveringsteknikkar frukt og bær


Siste kurset i konserveringsteknikkar frukt og bær er på Sandane i Gloppen fredag 15 oktober 2010. Fortsatt ledige plassar.
kl. 09.00 - 16.00.
Kursavgift ny pris: kr. 600 pr deltakar inkl. lunsj.
På bildet 7 godt fornøgde kursdeltakarar på Hafslo 23 september. Kari Støfringsdal kursleiar. Vi lærte råsafting, safting, hermetisering, sylting, frysing, gelear, sylting, ulike bærsortar, ulike frukter og bruk. Bruk av pektin og alt utan å bruke kunstig konservering. Nytting og veldig godt!

søndag 3. oktober 2010

Kom deg på kurs

Kompetansenavet vest arrangerer mange kurs og fagdagar. Eit slikt kurs er lett å hoppe på og kostar mellom 750 og 1000 kr. pr dag. Då får du mat inkl. Akkurat no pågår kurs i konserveringsteknikkar med Kari Støfringsdal. Her lærer du det du treng å vite om hermetisering, safting rå og kokt, sylting sur og søt. Med denne kunnskapen kan du lagre alt av frukt og bær frå hagen, komme i gang med å fylle glas og flasker for sal eller for servering. God økonomi i å gjere dette sjølv. Det er utruleg mange som gjennoppdagar hermetisert frukt på lokale serveringsstadar - enkelt og så engasjerande.

Desse kursa kjem i nær framtid:
Denne veka er det kurs i Førde med Ole Johnny Eikefjord - her er det Arue som er tema. Jølstravatnet har ein enorm ressurs som vi må formidle på beste måte.

Smak sakte festivalen i Aurland - raske måltid på sakte vis, ja dette er temaet 7. oktober. Ei utfordrande sak, men som lett let seg gjere og med god økonomi dersom ein gjer det på rette måten. Vi skal vere på Flåmsbrygga og besøker Fretheim til slutt for å få innblikk i strategien bak det Beviste kjøkken.

15. oktober Sandane - konserveringsteknikkar
15. oktober - Matkulturdagane i Eidfjord - Ingird Espelid Hovik, Astrid Riddervold, Harald Osa, Johan Trygve Solheim, Hanne Frosta, Gunnar Nagell Dahl, Norges Vel, med fleire. Stor seminardag om reiseminner, hjort, mattradisjonar, menyskriving og bruk av ville vekstar.
20. oktober Luster - Pølsekurs
1. november Balestrand, Ciderhuset - Smaken av Sogn - siste kursdag om dessert og avslutte måltidet - Hanne Frosta
11. november - første økonomikurset - få dreis på å analysere økonomien i di bedrift, eit supernyttig kurs - sett av denne dagen, dette er verkeleg bra!
November i Aurland - Ystekurs
les meir her.
3 ledige plassar.

fredag 17. september 2010

Stor kursaktivitet

Det er travel tid i kompetansenettverket, mange kurs er i gang og skal gjennomførast. Her finn du ein oversikt over alle kursa som vert arrangert i 2010 og 2011. Samtidig skal vi i gang med å planlegge aktiviteten for 2011/2012. Har du ynskjer om kurs ta kontakt og kan det vere aktuelt med hospitering eller besøksordning så er det lurt å planlegge dette i god tid. Du kan kontakte meg om du lurer noko her skriv ein epost aud.slettehaug@sfj.no.

onsdag 1. september 2010

Hjort2010 i gang

Lang dag med foredrag og innlegg om hjort, som ressurs og næring i utmark er tilbakelagt. Verdens lengste hjortebord fortært og no tenkte eg kort å oppsummere nokre tema: Ola T Heggheim (statssekretær) innleia med innlegg om næringsutvikling knytt til utmarksressursar. Og det verkar for at dette får stor plass i den nye landbruksmeldinga. tall på 3, 4 og 5 milliardar blir landsert, langt over tømmer...., men her vart vi dratt ned på bakken igjen av Øyvind Wang, Norges Skogeigarforbund som stilte spørsmål til desse samanlikningane. Tømmer = førsteverdi, tall utmarksnæringar tar med alle sideaktivitetar også... så tømmer er nok fortsatt største ressurs i skogen då.

Statsekretæren viste til to viktige strategiar. Ta landet i Bruk! og Smaken av Norge matpolitisk strateig (linkar kjem seinare her). Vidare vart det å produsere trygg mat poengtert utover dagen. Skal vi bruke dette hjortekjøttet i ein større samanheng så må maten vere trygg mat og det kan vi vere eininge i.

Andre tema:
Gammal kunnskap i ferd med å forsvinne.
sikre tradisjonar
sikre kunnskap.
Virkemiddelbruken korleis fungerer den egentleg?
Er det for dårleg måloppnåing.

Kommunane som førstelinje. Fungerer dette? Treng vi styrking av landbrukskontora? og landbruket inn som ein del av samfunnsutviklinga. Her er vi inne på eit tema som kanskje er veldig sentralt. Mange små kommunar har landbruk som viktigaste næring, men ikkje landbrukskontor eller satsing på utvikling av nye næringar i landburket. Muligheiter?

Vi fekk høyre om eigenskapar i kjøtt som skal inn i større næringskjede. Jaktturisme, hotell som vil ha tak i vilt hjortekjøt. Markedet er der, hjortebestanden i vekst, det må takast ut meir kjøtt men kor gjer vi av det. betydelg logistikk må på plass og er det økonomi i dette.

Det kan bli mykje spennande ut av dette og dersom landbruket skal blir meir mangesysleri og dette er strategien så kan i alle fall hjorte verte ein betydeleg ressurs for mange grunneigarar.

No båt til Svanøy!

onsdag 25. august 2010

Hjorten står i fokus i Florø 1 - 3 september


Hjort2010 det store fagseminaret om hjort er i Florø 1 til 2 september. Norsk Hjortesenter med fleire inviterer forvaltning, jeger, rettshaver, viltmottak, kokkar og interesserte til ny viten om hjorten sin verden. Hjortebestanden er i vekst, jegerstanden "forgubbar" og har ikkje tid til å vere så mykje i skogen, frysarane er fulle burde vi då sjå på å utnytte vilt hjortekjøt betre i ein større næringskjede? Dette er det eit stort tema under samlinga.

Etter seminaret inviterer Kompetansenavet Vest til fagsamling Svanøy der kokken, jegeren og viltmottaket inntar podiet og gjennom eit rollespel går gjennom ulike problemstillingar og krav desse set til kvarande. Dette kan bli ein spennande måte å få diskutere utfordringar og muligheiter på. Men er det lønnsamt å forsøke å samle inn vilt hjortekjøt for så å omsette det i marknaden? Ein betydeleg ressurs, men som kanskje har nokre utfordringar for å få lønnsomheit i. Dette vil vi diskutere i det vi går inn i årets jaktsesong for hjort med stor etterspørsle etter råvara frå hotell og serveringsstadar i regionen.
Link til program for fagsamling på Svanøy 2 - 3 sept finn du her.

Spennande! Ser eg deg i Florø til veka?

lørdag 17. juli 2010

Bærsesongen er godt i gang

No er bærsessongen godt i gang, jordbærsesongen og morellene er i gang og om ei veke eller to så er bringebæra her. Dette er ei travel tid for dei som dyrkar bær og marginane kan vere svært små om ikkje vergudane er på rett side. I går kunne vi høyre om vinden som øydela for morelledyrkarar i Hardanger. Eg anbefalar å ikkje vente med å tinge bær til frysing - tips i staden for å sylte no få ferske bær i frysen så kan du sylte og safte utover vinteren. Ta opp passeleg mengde og koke opp sylte utover vinteren eller lage iskrem og sorbet, marinere bæra til dessertar osv. Moreller kan også frysast og så heller du varm sukkerlake over - blir nydeleg til iskrem. Lykke til!

torsdag 8. juli 2010

Festivalmat


Det er tid for festivalar og hovudtema er musikk, kunst og kultur, men også mat ser ut til å få stadig større betydning for opplevinga av festivalen. Eg hugsar eit år på Førdefestivalen då eg hadde kjøpt festivalpass og skulle ha med kusina mi frå USA, vi fekk med oss alt av konsertar men så kom vi til eit punkt at vi måtte ha mat og drikke. Vi såg på tilbodet i kiosken, men der var svette standard rundstykker, hamburgar, pølse i brød og vaflar.... dette er blitt nokre år sidan. Men mat vi hadde lyst på fann vi ikkje, vi hadde appetitt og ville investere i matopplevinga..... eg trur vi enda opp med å ete litt is og drikke for så å vente med maten til vil kom heim. Sidan denne hendinga har eg merka meg når festivalen har noko ekstra å by på, beste opplevingane har eg frå musikkfestivalane i Eugene Oregon då all verdas matrettar er å få frå bodane nedover gata.


Festivalane rundt om kjem seg på dette punktet og no heiter det Mat og kunstfestival i Rosendal, Førdefestivalen har fått samarbeid med kokkelauget og Bondens marked, Vikingrock i Gudvangen. Mat er ein viktig sosial faktor, folk samlast rundt mat og vi opplever festivalen gjennom alle sansane også smak og duft. Fortsatt trur eg vi har mykje å hente på å tilby gode matopplevingar under festivalane, og det blir kjekt å kunne vere med å utvikle dette vidare. Lykke til alle som er i gang med å servere matopplevingar i festivaltida!

torsdag 10. juni 2010

Hanne Frosta har fått Ingrid Espelid Hovigs Matkulturpris 2010

Vi gratulerer Hanne Frosta med Matkulutrprisen. Dette fortjener du verkeleg og du setter tydeleg matkulturelle spor etter deg. Hanne er matkontakt i Kompetansenettverket Vest og dermed har vi to matkontakter i vår region med denne prisen, Pascale Baudounnel fekk prisen i 2007. Hanne driver restauranten sin Hanne på Høyden i Bergen. BA hadde denne omtalen. Og her frå LMD.

onsdag 28. april 2010

Bondens marked er blitt stiftelse


Stiftelsen Bondens marked Norge er stiftet, dokumentet her. Omtale i Nationen.

Noma verdens beste restaurant

say no more.... The Independent, The Wall Street Jurnal, The Australian, det nordiske kjøkken er verkeleg sett på kartet i dag. Gratulerer Noma!

Utruleg mykje hardt arbeid, lidenskap og dyktigheit ligg bak Noma.
.....1/3 av tida på produsenten, 1/3 på gjesten og 1/3 på kjøkkenet.
Det gir resultat.

Gåsehudopplevelse på dansk TV.

torsdag 22. april 2010

Landburksoppgjør

Det er våronn i lufta og landbruksoppgjøret vert debattert, i år skal også lagnaden for vidare satsing på kompetansenava og verdiskaping for lokal mat etter 2010 avgjerdast. Her ein artikkel frå Bergens Tidende.

torsdag 15. april 2010

Sette ord på den nordiske maten

Formidling av mat er ikkje alltid like lett og vi ser kanksje for til det franske eller italienske kjøkken for å finne måtar å beskrive mat på. Nofima presenterte eit fint notat denne veka. Det nordiske kjøkken er mykje snakk om og nokre hevdar til og med at det nye store kjøkkenet kan bli det nordiske - berre vi klarer å formidle kva dette er. Gjennom kurs og fagdagar i Kompetansenavet snakkar vi mykje om dette. Og på torsdag 22. april samlar vi kokkar og serveringsstadar i Sogn til kurs i formidling av dessert, drikke og ost - Stad på Ciderhuset i Balestrand. Har du lyst å vere med kan du melde deg på her (også om du ikkje driv serveringsstad i Sogn.) program.

Notatet til om det å sette ord på maten vår finn du her det er utarbeida av

tirsdag 13. april 2010

torsdag 1. april 2010

Kurs i mattryggleik

Det er utarbeida nasjonale retningsliner for foredling av mjølkeprodukt. Desse rettningslinene gjer det enklare for små foredlingsbedrifter å komme i gang med internkontroll etter HACCP prinsippa. Kurset går grundig gjennom alt du treng å vite for å få desse rutinane på plass i di bedrift. Driv du med mjølkeforedling eller er i oppstart kom på kurs i Aruland 20 til 21 april.

tirsdag 23. mars 2010

Framby varer på Bondens marked

Minner om Bondens marked på bryggen i Bergen 27. mars og i Førde tysdag 30. mars. Ynskjer du å komme i gang med å selje varer på Bondens marked ta kontakt med marknadsleiarane på bergen@bondensmarked.no og forde@bondensmarked.no . Den som sel varer på Bondens marked må sjølv ha hausta, avla eller på annan måte foredla vara sjølv. Vi har telt i ein oppstartfase som du kan leige for ein rimeleg penge. Planlegg i god tid. Send ein epost til marknaden så får du info om datoar, påmeldingsskjema. Kompetansenavet har også oppfølgingstilbod rundt det å lage ein god salsbod.

mandag 8. mars 2010

salsarenaen - formidling gjennom salsboden

Torsdag 4. mars 2010 var vi samla på Mo i Førde til kurs om det å kommunisere på ein bod. Judith Melbye var forelesar og inspirerte oss i å tenke nytt, rydde litt og tenke over korleis vi brukar tida til kunden. Vi lærte ord som semiotikk = tegnets tale, og praktiserte dette i plakatskriving med spissa budskap. Boden skal bugne på ein enkel måte, vi skal gi korte greie beskjeder og oppfordre til direktekontakt mellom kjøper og selger. No har vi lært oss dei grunnleggande tinga for korleis gjere boden til ein attraksjon, uansett korleis ein gjer dette så seier boden noko, difor vil vi at den skal vere attraktiv og målretta mot å gi kunden ei oppleving. Uanstt gjelder at vi bruker av kundens tid, vis respekt og gi kunden ideen om produktet. Vi kom fram til at det er lov å vre begeistra for varene våre. Det blir eit spennande år i Bondens marked Førde, no går vi i gang med å fornye oss, dette vil kundane sjå utover året i nye drakter og oppdaging av nye produkter. Kompetansenavet Vest planlegg fleire slike kurs, er du interessert i å delta på eit så meld interesse til aud.slettehaug@sfj.no

fredag 5. mars 2010

tirsdag 23. februar 2010

Svanøy kreativ menyutvikling

Svanøy i Sogn og fjordane tenkjer dei kreativt når dei skal lage ny meny av lokale råvarer. Slik kan det gå når ein set saman lokale kokkar, superkokkar, ølbryggarar, kunstnarar, komikarar, slaktaren, fiskeoppdrettarar, fotografar og andre tilfeldige medspelarar til kreativ menyutvikling. Dei sette rammene: råvarene skal vere tilgjengelege på øya og/eller kunne kjøpast på butikken på Svanøy. Resultatet vert eit oppskriftshefte også. Les meir om dei som var med på www.svanoy.com

Biofach 2010

Kompetansenavet har deltatt på Biofach 2010. Her har vi knytta kontaktar med lokale økologiske produsentar over heile verda. Vi har fått ny kunnskap gjennom fordrag og sist tall og forsking. Vi reiste sammen med økoløftprosjektet for Hordaland og Sogn og Fjordane - no startar jobben med å sette ut i livet alt vi har lært og knyte ytterlegare kontaktar. Har du spørsmål til oss om dette, kommenter under eller send ein epost. Saker frå Biofach kjem etterkvart på bloggen her.

søndag 14. februar 2010

Festivalar der lokal mat og drikke står i fokus

Vi har starta med å lage ei liste over festivalar der lokal mat og drikke er sentralt tema. Vi set dei på lista her så sant vi veit om den, men fint om de hjelper oss litt - så send meg din festival så skal vi få den med på lista. Den kan vere stor og liten, gå føre seg i tettbygde strok eller under meir rurale områder, høgt til fjells, i djupe dalar eller rett og slett vere ei tunoppleving. Festivalen må gå føre seg i Sogn og Fjordane eller Hordaland. Legg gjerne inn ein kommentar om festivalen din under her:

fredag 12. februar 2010

Mat så in i Norden

Programmet "Mat så in i norden" med Michael Björklund og Mathias Jungar har filmet program i Hardanger med Hanne Frosta. Programmet kan du sjå her. Hanne opner Hanne på Høyden igjen den 19 februar kl. 11.30. Høyden har bygd om og er klare for enda tettere kontakt mellom kjøkkenet og gjesten. Les mer om Hanne i BT 11. feb. Smaksopplvingene står i kø, dette blir kjekt å oppleve. Lykke til med innspurten til Hanne og kokkene på Høyden.

søndag 31. januar 2010

Legge inn kommentar

Når du kommentere på innlegga her så kommenterer du som anonym. Klikk på kommentarar og kommenter som anonym. Skriv kommentaren din som er anonym dersom du ikke signerer med navn i kommentarfeltet, til slutt klikk på legg til kommentar. Kjekt om de lesarar kommenterer og legg til info som andre kan ha nytte av. Bloggen vert marknadsført på reiselivskonferansen i Balestrand til veka. Ser deg der;) Aud

onsdag 20. januar 2010

Fagdag frukt og bær foredling 27 januar i Aurland

Til deg som lager saft, syltetøy eller foredler frukt og bær så har vi ein spannande fagdag i neste veke. Marit Rødbotten fra Nofima kjem opp og holder eit foredrag i fagområdet sensorikk. Vi lærer om korleis lokal saft og jus blir oppfatta og korleis vi vil at den skal bli opplevd. Korleis vi opplever eit produkt handlar om kva sanseinntrykk vi er i stand til å ta inn. Program ligg her. Påmelding til paamelding.sjh@sfj.no

søndag 17. januar 2010

Lokal mat må bli synlig og tilgjengelig

Når landbruksministeren lager skrytetale på Grüne Woche er det igjen fjordane som blir trekt fram, mat og reiseliv to sider av samme sak..... les heile tala her. Det viktigaste punktet han trekker fram er dette med å gjere lokalmaten synleg og tilgjengeleg. Dette er utruleg viktig og her bør vi som produsentar av lokal mat verkeleg tenke kreativt. Eg trur at ein veldig god måte som vi alle kan hjelpe til med å få maten vår meir synleg på er å vere gode ambassadørar for kvaranre. Gjer det til ein regel at du aldri slepper ein turist frå tunet ditt utan å ha anbefalt minst ein ny stad med lokalmat dei kan oppsøke. Og til dei store aktørane som har volumet av turistar innom: de må ta inn meir lokal mat og skrive inn leverandørane i menyane. Dette gir større verdi for den reisande og opplevelsen av det "lokale" er umiddelbar. Små små detaljar som gir umiddelbar effekt!

fredag 15. januar 2010

Landsutstillinga til norsk gardsost 2009

Norsk gardsost arrangerer årleg ei landsutstilling med bedømming av ostar. Her vankar det gull sølv og bronse for ostar som når opp i dei tre klassane. Sogn Jord og Hagebruksskule fekk ein utmerking i kvar klasse. Skjerdal og Undredal fekk også medaljer. Bilder frå utstillinga kan du sjå her. Og meir info om Norsk gardsost med oversikt over kurs, tips og råd for deg som ystar eller som tekjer på å komme i gang med eigen produksjon av ostar.