mandag 18. juli 2011

Matfestivalene er i gang

Først ut er Gladmat i Stavanger 20 - 23 juli. Her ei lita liste og linker til nokre festivaler, god sommer!

Gladmat, Stavanger. 20-23 juli.
Oi, Trøndersk matfestival, Trondheim. 28-30. juli.
Geitostfestivalen, Undredal. 31. juli - 1. august
Den norske matfestivalen, Ålesund. 24-28 august.
Bergen Matfestival, Bergen 9. -11. september.
Dyrskuen, Seljord. 9. - 11. september.
Matstreif, Oslo. 16-17 september.

Siderfestivalen, Øystese. 7 - 9 oktober.
Matamål, Sandane. 29. september - 2. oktober.
Hardanger Matkulturfestival, Eidfjord. 14-16 oktober.

mandag 2. mai 2011

Når menyen blir generalisert




Vi går inn i turistsesongen og i iveren etter å tekkast ulike kundegrupper blir kanskje freistinga for å lage enkle menyar som er lette å kommunisere stor. Kundane kjem frå alle verdshjørne og det er kanskje lettare å lage ein meny som vi trur alle vil like enn å by på vårt særeigne, det unike og ein differensierande meny. Dermed blir det kanskje mykje ovnsbakt laks med ein smørsaus, kylling i karri og ris, burger og pudding til dessert.






På målingar om oppfatning av Norge viser det seg at vi har lite eller veldig få assosiasjonar til mat. Den reisande har ikkje ei klar oppfatning av kva norsk mat er. Forventningane er små. Dette er ein stor muligheit for alle som skal servere turistar matopplevingar i sommar. Så jobb litt ekstra med menyen, legg litt ekstra arbeid i å formidle den.






Tips til menyjusteringar


Kanskje skal du tilberede laksen med ramslauk og bruke ein lokal ost på kyllingen, lage ein lokal vri på burgeren og bytte ut puddingen med lokale bær og frukter. Dette er ein prosess, men den treng ikkje vere så stor. Motivasjonen ligg i kundane si oppleving og kanskje må dei innom din spisestad to gonger eller anbefalar den til sine venner som skal på ferie neste år. Skap nokre minner i hovudet til kunden.





La menyen inspirere til smaken av norsk og nordisk mat!





Til slutt ein link til BBC sin artikkel om smakens ark og mat som er i faresona for å dø ut pga denne generaliseringa av mattilbudet i turistindustrien. Brun geitost frå Sogn er også på denne lista til Slow Food.





Lykke til med turistsesongen!

tirsdag 26. april 2011

plukk ugras!

Det er vår og no yrer det av små nyttevekster som sprett opp i naturen: marikåpe, skvalderkål, bjørkeblad, ramsløk, kjørvel. Seinare kjem granskudd, løvetann, og og...
Dette må haustast når dei er på sitt beste, og når er det? Konservere? Korleis gjer vi det? Legge på olje, tørge, fryse... Kva kan dei brukast til? Lurer du på dette så bli med oss på seminar:

Søndag 22. mai skal vi ha eit seminar på Høyden i Bergen der vi skal gå gjennom bruk av ulikt ugras og naturelge nyttevekster. Seminaret er opent for alle, men kokkar, serveringsbedrifter av lokal mat og foredlarar av nyttevekster vert prioritert plass. Meld deg på til paamelding.sjh@sfj.no

Føredragshaldarar vert mellom anna Bjørg Devik Aurlien som driv Høgt og vilt urter frå Devik og Hanne Frosta, Hanne på Høyden.

Velkommen!

onsdag 13. april 2011

Mat, makt og avmakt. Matkjedeutvalgets maktanalyse

Som leder i Bondens marked i Sogn og Fjordane og som dagleg leiar for kompetansenettverket for lokal mat kan det vere på sin plass at eg kommenterer nokre punkt som kjem fram i analysen. Eg vel å kommentere nokre poeng som kjem fram i analysen som har direkte konsekvensar for dei som produserer lokal mat og matspesialitetar.

Går vi nokre få år tilbake i tid var det nesten ein kuriositet å finne lokalt framstilte produkt frå små produsentar i butikk i Noreg. I dag er det ikkje vanskeleg å komme inn i butikk - dørene står opne. Men det er ei heilt anna sak å få god hylleplassering og bli synleg i sortimentet. Nokre butikkeigarar har så pass stor makt i sitt eige kjedeparaplysystem at dei kan stille ut lokale varer slik dei ynskjer, men mange små kjøpmenn må nok avgrense slik plass for å fylle dei krava som kjeda set og som igjen er diktert/framforhandla av dei store leverandørane, eller til butikkjeda sine EMV. Difor er det svært positivt for næringa at det blir foreslått å sjå på Franchisepraksisen og gi meir friheit til kjøpmannen, det vil kunne gi kjøpmannen større spelerom til å påverke eige sortiment også varer som er lokalt forankra med regionalt særpreg. Meir makt til kjøpmannen er ein viktig faktor for at døra for lokale matspesialitetar skal bli endå meir open.

Det er lett å komme inn med ei eller to varelinjer i ein butikk, men det er kanskje verre å få inn den 3 eller 4 varianten. Butikkane skyldar også ofte på at dei ikkje vil ha så mange leverandørar å forholde seg til slik at lokale produsentar blir tvinga til å bruke ein grossist som distribuerer varene for dei. Saman med dårleg hylleplassering og lite synlegheit for produsent og merkevara så blir ein "kvelt" i sluttleddet og mange små produsentar vel å trekke seg ut igjen frå butikkdistribusjon og satsar heller på direktesal og eit lite utvalbutikkar. Eit av forslaga som kjem i dag er å lette distribusjonskostnaden for lokalproduserte matspesialitetar. Dette i lag med større makt til kjøpmannen om å få velje ut sitt varesortiment kan vere eit godt grep for å få opp utvalget av lokalevarer i ulike kategoriar.

EMV - vi har eksempel på at lokale matspesialitetar har inngått i EMV. Det som er synd er at forbrukaren gjennom EMV får problem med å kjenne igjen produsenten og opphavet til varene. Jacob's utvlagte er et slikt EMV merke. Det er bra for produsenten å bli tatt inn her, men det bygger ikkje meir kjennskap til produktet, produsenten, måten og arbeidet som er lagt ned i råvara. Økologisk Kalkun frå Hardanger var merka Coop Smak forskjellen før jul i 2010, men det er spørsmål om ikkje vara vart anonymisert og forbrukaren vart lite kjent med produktet sine faktiske eigenskapar og arbeidet bak. Vara er tilgjengeleg, men taper i konkurranse med prisfokusert konvensjonell kalkun med ein slik EMV strategi. Forbrukaren blir taparen fordi dei ikkje får informasjon nok om ulikskapane i produktet. Butikk kjeden frå opp varesortimentet i kategorien, men vara blir nok hyllevarmar mot prisfokuset i same butikk.

Vareutvalet er der, men vi som forbrukarar forstår ikkje verdiforskjellane når dei ikkje blir presentert for oss. Kvalitetsvarene vert anonymiserte til fordel for prisfokus i sisteleddet. Som forbrukar har vi ei vektskål der pris må stå i forhold til kvalitet. Vi er villig til å betale mykje for noko vi verdset høgt. Kjem ei høgt verdsett vare til ein litt lågare pris kjøper vi endå meir. Men når vi ikkje blir fortalt eller forstår kvaliteten då kjøper vi ikkje. Dermed går mange glipp av den gode kvalitetskalkuna frå Hardanger, den blir anonymisert for oss i staden for at vi kunne ha vore stolte, fått fortalt eigenskapane i produktet og fått matkultur på kjøpet.

Jamt over klarar den lokale matspesialisten å finne marknadskanalar, men vi kunne ha produsert så mykje meir og hatt betre lønnsemd dersom vi også hadde hatt litt større volum og litt billegare og lettare distribusjonar. Større volum får vi når salet av varene aukar i marknadskanalane. Men for at ein skal lukkast med å bli selt så må varene vere kjende. Gjennom direktesal som på Bondens marked får forbrukaren kontakt med produsenten og denne kontakten må også gjenspegle seg i andre salskanalar som i ein butikk.

Debatten dei siste dagane er prega av at ein del aktørar prøver å dra fordeler av analysen og posisjonere seg på den. Reitan til sin fordel, Bondelaget til seg og Senterpartiet si retning osv. Men dette er ei analyse av maktsituasjonen i sisteledda av ein verdikjede. Som lokalmatprodusent så står vi eigentleg litt på sidelinja og ser på spelet. Det skulle vore kjekt å vore meir med og vore ein del av eit større utval i butikkane, men reglane eller mangel på dei verken forstår vi eller er interesserte i å sette oss inn i. Men ein ting har vi fått stadfesta i dag og det er at utvalet i norske butikkar er betydeleg mindre enn våre naboland og vi kan håpe at kjedeleiingane vil lytte til forbrukarane om eit ynskje om større mangfald også for lokale matspesialitetar.


Sjå ppt presentasjon av analysen her.
Finn rapporten her.

NB! Alle som blir omtalt i analysen har eit insitament til å posisjonere seg. Dei vil dra saka til sin fordel, inkludert det eg skriv her. Difor les analysen, les konkusjonane og ikkje baser diskusjonane vidare på det som kjem fram i media eller dei enkelte interessentane sine poeng. Pressekonferansen ligg på nrk morgonnytt, 32 minutt ut i sendinga.

mandag 7. mars 2011

Den nordiske smaken

Mange kjekke program er i sving på Nrk 1 for tida. Vi har mykje å vere stolte av i det nordiske kjøkkenet og i programmet Den nordiske smaken blir du betre kjent med nokre av råvarene i norden. Først ut er råvarer frå havet, neste er vilt. Etter mi meining - dette var bra!

tirsdag 25. januar 2011

Snøggsamtaler på gang

I dag hadde vi eit svært hektisk, kjekt og godt møte i Sogndal. 17 lokalmatbedrifter og formidlarar i sogn var i hektisk møteaktivitet med td. innovasjon norge, mattilsyn, matprogramordnignar, bondens marked, kurs og kompetansetilbud, leverandørar av tjenester, nettverksorganisasjonar, faginstitusjonar osv. Det gjekk føre seg slik at vi samlast til presentasjonsrund og litt felles innleiing, så tok vi ein matbit før vi sette i gang med 15 minutters samtaler med kvar.


I morgon går turen til Sunnfjord og Mo der 7 bedrifter møter.

Ellers var Aud på lokalradioen i dag tidleg og snakka om stoltheit rundt mattradisjonane våre. Og det var jo litt artig då at Hellstrøm og Hovig var i Lyon med ministeren vår for mat og såg på akkurat matstoltheit. Vi lærer om kvalitet og måten å presentere det på seier Hovig. Fleire mathandtverkarar takk!!!

Bondens marked har stor økning pr produsent i år. Dei produsentane som satsar på Bondens marked som salskanal lykkast. No treng vi fleire produsentar så er du interessert så ta kontakt. forde@bondensmarked.no

Eg legg til ei sak til her frå ein blogg eg vart tipsa om. "one world, one taste". Mange aktørar som snakkar varmt om lokalmat og mat frå grunnen av. Standardisering og modifiseringar påverkar helsa vår.

fredag 7. januar 2011

Mykje som rører seg rundt om både heime og for eks i Danmark

Hos kompetansenavet tikkar det inn påmeldingar til kurs, vi planlegg nye og snakkar med mange som har mat som sitt arbeidsfelt. Aldri ein kjedeleg dag på jobben når ein jobbar med mat.

I dag vil eg peike til nokre filmar, bedrifter, saker eg har vore innom denne veka. Listar dei berre opp eg, kos deg med dei og god helg!

Det her var ein høgdare Dan Barber, etter tips frå Camilla Plum.


A. Idsøe As - kjøtt og pølseforretning Stavanger.
Slow Food Besøker Camilla Plum på garden Fuglebjerg gaard i Danmark. Fulgebjerggaard.
Nettbutikken.
Camilla Plum si bok The Scandinavian Kitchen. (tok Amazon linken for der fekk ein sjå inn i boka også.)
Skandinavis mat i London, Scandinavian kitchen.
Grønne garder i Sverige.

Skal du på messer er jo denne i år:
Den store messa for mat 2011. Smak2011. og NEF Dagene.

Markedsplassen Økofunn er landsert.

Nokre bedrifter du kanskje vil lese litt meir om.
Bergsdalstunet.
Sakte
Kinn Bryggeri.
Fjordameny.
Homlagarden.

Tid for eit kurs i økonomi passar uansett driftsform i landbruket eller andre matbedrifter?
Sjå her - ein dag, starten på ein ny fase i driftsplanlegginga av nye investeringar, finansiering eller slagsstatistikk. Også i Aurland mandag 21. februar.

God helg då og foreslå gjerne ting du har lyst å tipse oss om lokal mat.

lørdag 1. januar 2011

Godt nytt år!

Desember er ei hektisk tid med årsavsluttning og høgsesong for lokal mat og matsepsialitetar. No venter kanskje ein etterlengta ferie eller blanke ark med nye prosjekt og ny utvikling. Kompetansenavet Vest står føre ei hektisk tid med mange møter, turar, kurs, konferansar og besøksprosjekt. Eg vil vise til jordbruksskulen i Aurland som marknadsfører alle desse kursa og til Kompetansenavet dersom du lurer på korleis du skal komme deg vidare med dine matidear. Treng du påfyll av kunnskap kan kanskje kursa våre løyse dei utfordringane. Lykke til i alle fall og ser fram til å møte mange spennande prosjekt i vekene som kjem.