torsdag 22. november 2012

Bagatellisering frå TAD i dag

Då har det vore ei rekke artiklar om avgiftene den siste veka. Mange har uttala seg inkl. oss i Kompetansenavet vest. I artikkelen i papirutgava av nationen i dag så kjem det fram at avdelinga for særavgifter hos TAD ikkje synest produsentane kan ha noko stor jobb med avgiftslagera. Ikkje mykje audmjuk haldning der nei. Og litt vel arrogant å påstå at det må jo vere i produsenten si interesse å ha oversikt over eige lagar.


Vanskeleg å lese dette så send ein epost: aud.slettehaug@sfj.no så sender eg den over.


La meg seie det slik - å ha oversikt over eige lager er no ein ting - men å skulle dokumentere lageret for inspeksjon til ei kvar tid er ikkje berre litt forskjell, men ganske stor. Finn TAD avvik i det dokumenterte lageret kan dei med lova i hand pålegge produsenten ekstra avgifter. Og eg forstår fortsatt ikkje kvifor same produsent kan rapportere mva ein gang i året, men må dokumentere bringebærsafta si med antall flasker  her og der på dagen. MVA er vitterleg ei mykje større avgift enn sukker- og miljøavgifter. Det er heller ikkje lenge sidan TAD gjekk over til elektronisk innrapportering og vi veit jo alle at altinn fungerer jo til ei kvar tid.

La oss rekne litt tid og verdiar for produsenten her:
Å registrere eit skjema på altinn tek minimum 15 min uansett kva du skal gjere med all mulig slagsinnlogging og signeringar. Legg du til tida det tek å føre lageret sitt kvar dag så tek dette også  minimum 10-15 min pr gang du skal gjere noko med det og har du salg/inn og ut av lageret ditt minst 200 dagar i året så er det lik 2000 - 3000 minutt som er 33 - 50 timar lagerføringstid i året pluss rapporteringa til altinn: 15 min x 12 rapportar= 3 timar (sjølv om du har null i sal så må du ta deg tid til å rapportere 0). I tillegg kjem betaling for avgifta i nettbanken, føringa av utgifta i rekneskapen også minst 3 timar i året. Anna brevskriving og evt besøk frå TADset vi til snitt 2 timar i året.
Totalt med lågaste tal min for lagerføring 10 min lagerføring 200 dagar i året (33 timar) + 8 timar adm arbeid = ca ei vekes arbeid går vekk til dette i året. Saka er at dette er nett den same tida som dei store bedriftene brukar  då dei har dette digitalisert og går mot ordrar, hos dei små går det manuelt og folk flyttar på flaskene i tillegg.

Set vi timesatsen til kr. 350 x 41 timar til dette pr år =  kr.14 350,- 


Ta vekk kravet om full lagerstyring og rapportering ein gang i året så ville kostnaden for dei minste bedriftene vore nede i under ein time og telling av lager kunne vore samtidig med varetellinga til årsavsluttninga. Antall einingar selde i løpet av eit år må ein sjølvsakt registrere så litt meir tid vil det ta gjennom året men likevel langt enklare.

Det blir litt meinigslaust når TAD påstår i artikkelen i Nationen i dag at dette ikkje er noko ekstra arbeid for dei små produsentane - dette heng ikkje saman med det Giske har lova dei små bedriftene. Kva vinn samfunnet på å måtte ha slike avgiftslager på sukker og drikkevarer av jus? Då har vi ikkje ein gang starta på miljø og helsedebatten i dette.... eller satsinga på lokalesmakar og drikkevarer.

Heldigvis har Høgre og Frp lova å sjå på saka - vi får håpe dei klarer å følge dette opp. Og her i Kompetansenavet vest fyljer vi nøye med.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar