torsdag 8. juli 2010

Festivalmat


Det er tid for festivalar og hovudtema er musikk, kunst og kultur, men også mat ser ut til å få stadig større betydning for opplevinga av festivalen. Eg hugsar eit år på Førdefestivalen då eg hadde kjøpt festivalpass og skulle ha med kusina mi frå USA, vi fekk med oss alt av konsertar men så kom vi til eit punkt at vi måtte ha mat og drikke. Vi såg på tilbodet i kiosken, men der var svette standard rundstykker, hamburgar, pølse i brød og vaflar.... dette er blitt nokre år sidan. Men mat vi hadde lyst på fann vi ikkje, vi hadde appetitt og ville investere i matopplevinga..... eg trur vi enda opp med å ete litt is og drikke for så å vente med maten til vil kom heim. Sidan denne hendinga har eg merka meg når festivalen har noko ekstra å by på, beste opplevingane har eg frå musikkfestivalane i Eugene Oregon då all verdas matrettar er å få frå bodane nedover gata.


Festivalane rundt om kjem seg på dette punktet og no heiter det Mat og kunstfestival i Rosendal, Førdefestivalen har fått samarbeid med kokkelauget og Bondens marked, Vikingrock i Gudvangen. Mat er ein viktig sosial faktor, folk samlast rundt mat og vi opplever festivalen gjennom alle sansane også smak og duft. Fortsatt trur eg vi har mykje å hente på å tilby gode matopplevingar under festivalane, og det blir kjekt å kunne vere med å utvikle dette vidare. Lykke til alle som er i gang med å servere matopplevingar i festivaltida!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar