torsdag 28. oktober 2010

Gratulerer Bodil og Gloppen Hotell

Vinner av Ganefart 2010 er Gloppen Hotell og Bodil Fjellestad. Les begrunnelsen i Nationen her. Vi gratulerer! Dette fortjener de! Bodil er kompromisslaus når ho er på kjøkkenet, ho veit kva ho vil og berre dei beste råvarene er gode nok. Rettane komponerer ho mesterleg både med tanke på økonomi i kjøkkenet og oppleving for kunden. Det har vore ei rivande utvikling ved hotellkjøkkenet dei siste åra. Det skal krefter, motivasjon og mange mange arbeidstimar til for å få fram dette noko som også viser igjen på omsetninga. Kokken må bruke tid hos råvareleverandørane og kan ikkje berre bestille eit varenummer. Men dette får kunden igjen for i økt matoppleving. Ikkje berre reint fysisk, men like mykje formidling av den verdiskapinga som bonden gjer og at ein veit kor råvarene kjem frå. Dette gir nærheit til maten som igjen er kulturbærar.

Fleire hotell ser no til Gloppen for å lære, Bodil sin kjøkkenfilosofi er trendy, framtidsretta og den innsatsen dei har sett inn på dette området vil lønne seg i åra som kjem. Det er berre å ynskje dokke lykke til og Ganefart prisen fortjener de så absolutt.

Men eg må slutte meg til ein liten ting i jurien sin kommentar og det er barnemenyen - inn med minihjortekarbonader, frikadeller og små porsjoner tilrettelagt for barn. Samme som dei voksne har. Harald Osa i stiftinga norsk matkultur brenn for dette for tida og på matkonferansen i Eidfjord 15 oktober fekk han salen til å våkne på dette punktet. Det er berre i Norge vi har barnemeny, og det er berre på restaurantar i syden der nordmenn går det finst barnemeny. Ellers et barn og blir servert det dei voksne får, dette er ein del av kulturbæringa og det å lære å smake. Her må vi som foreldre og kundar ta eit tak og endre våre måtar å formidle mat på. Taverposten nr 4 har ein artikkel om dette.

Er du kokk og lurer på å komme i gang med lokal mat på din meny så kan du ta kontakt med kompetansenavet vi har hospiteringstilbod, nettverk for produsentar og kurs. Måndag 1 november er vi på Ciderhuset i Balestrand og ser på eplejus som opplevingsdrikk, ostar frå regionen og Hanne Frosta viser oss ulike teknikkar med dessert. Vestlandet har frukt og bær som vår viktigaste råvare, men på hotell og kafear langs vegane finn vi stort sett standard puddingar og til nød frosne importerte bærblandingar med varenummer smak. Stikkelsbær, solbær, bringebær, kirsebær, moreller, rabarbra, blåbær, tyttebær. Smakssterke opplevingar som kan bli hugsa om vi set inn litt innsats på å formidle det.

tirsdag 12. oktober 2010

Mark Bittman heimelaga mat

I går brukte eg litt av arbeidsdagen til å sjå litt ut i verda, kva skjer eigentleg i debatten rundt lokal mat, bærekraftig matproduksjon og forbruk. Mark Bittman kom raskt opp og eit interessant foredrag ligg ute på Ted frå tilbake til 2000. Der han ivra for familiemåltida og det å sanke mat lokalt. Blir det økologiske bærekraftig når det skal fraktast verda rundt og kanskje arbeidskraft blir utnytta?



Så googla eg litt på True Food kva er dette begrepet - National Geographic har laga eit 8 stegs konsept for dette begrepet. Her er forfattarane av boka og deira begrunning for kvifor vi må få matsystemet vår tilbake til det det bør være.

Så tilbake til matboda - saft og sylt og fyll opp til vintermånadane - i følge Jernia så har salget av saftkokarar og bærplukkarar auka i haust - så då er vi vel alt i ferd med å endre vanane våre då??? På Bondens marked kan du i alle fall kjøpe mat laga på denne måten.

God haustferie!

fredag 8. oktober 2010

Siste kurs i konserveringsteknikkar frukt og bær


Siste kurset i konserveringsteknikkar frukt og bær er på Sandane i Gloppen fredag 15 oktober 2010. Fortsatt ledige plassar.
kl. 09.00 - 16.00.
Kursavgift ny pris: kr. 600 pr deltakar inkl. lunsj.
På bildet 7 godt fornøgde kursdeltakarar på Hafslo 23 september. Kari Støfringsdal kursleiar. Vi lærte råsafting, safting, hermetisering, sylting, frysing, gelear, sylting, ulike bærsortar, ulike frukter og bruk. Bruk av pektin og alt utan å bruke kunstig konservering. Nytting og veldig godt!

søndag 3. oktober 2010

Kom deg på kurs

Kompetansenavet vest arrangerer mange kurs og fagdagar. Eit slikt kurs er lett å hoppe på og kostar mellom 750 og 1000 kr. pr dag. Då får du mat inkl. Akkurat no pågår kurs i konserveringsteknikkar med Kari Støfringsdal. Her lærer du det du treng å vite om hermetisering, safting rå og kokt, sylting sur og søt. Med denne kunnskapen kan du lagre alt av frukt og bær frå hagen, komme i gang med å fylle glas og flasker for sal eller for servering. God økonomi i å gjere dette sjølv. Det er utruleg mange som gjennoppdagar hermetisert frukt på lokale serveringsstadar - enkelt og så engasjerande.

Desse kursa kjem i nær framtid:
Denne veka er det kurs i Førde med Ole Johnny Eikefjord - her er det Arue som er tema. Jølstravatnet har ein enorm ressurs som vi må formidle på beste måte.

Smak sakte festivalen i Aurland - raske måltid på sakte vis, ja dette er temaet 7. oktober. Ei utfordrande sak, men som lett let seg gjere og med god økonomi dersom ein gjer det på rette måten. Vi skal vere på Flåmsbrygga og besøker Fretheim til slutt for å få innblikk i strategien bak det Beviste kjøkken.

15. oktober Sandane - konserveringsteknikkar
15. oktober - Matkulturdagane i Eidfjord - Ingird Espelid Hovik, Astrid Riddervold, Harald Osa, Johan Trygve Solheim, Hanne Frosta, Gunnar Nagell Dahl, Norges Vel, med fleire. Stor seminardag om reiseminner, hjort, mattradisjonar, menyskriving og bruk av ville vekstar.
20. oktober Luster - Pølsekurs
1. november Balestrand, Ciderhuset - Smaken av Sogn - siste kursdag om dessert og avslutte måltidet - Hanne Frosta
11. november - første økonomikurset - få dreis på å analysere økonomien i di bedrift, eit supernyttig kurs - sett av denne dagen, dette er verkeleg bra!
November i Aurland - Ystekurs
les meir her.
3 ledige plassar.

fredag 17. september 2010

Stor kursaktivitet

Det er travel tid i kompetansenettverket, mange kurs er i gang og skal gjennomførast. Her finn du ein oversikt over alle kursa som vert arrangert i 2010 og 2011. Samtidig skal vi i gang med å planlegge aktiviteten for 2011/2012. Har du ynskjer om kurs ta kontakt og kan det vere aktuelt med hospitering eller besøksordning så er det lurt å planlegge dette i god tid. Du kan kontakte meg om du lurer noko her skriv ein epost aud.slettehaug@sfj.no.

onsdag 1. september 2010

Hjort2010 i gang

Lang dag med foredrag og innlegg om hjort, som ressurs og næring i utmark er tilbakelagt. Verdens lengste hjortebord fortært og no tenkte eg kort å oppsummere nokre tema: Ola T Heggheim (statssekretær) innleia med innlegg om næringsutvikling knytt til utmarksressursar. Og det verkar for at dette får stor plass i den nye landbruksmeldinga. tall på 3, 4 og 5 milliardar blir landsert, langt over tømmer...., men her vart vi dratt ned på bakken igjen av Øyvind Wang, Norges Skogeigarforbund som stilte spørsmål til desse samanlikningane. Tømmer = førsteverdi, tall utmarksnæringar tar med alle sideaktivitetar også... så tømmer er nok fortsatt største ressurs i skogen då.

Statsekretæren viste til to viktige strategiar. Ta landet i Bruk! og Smaken av Norge matpolitisk strateig (linkar kjem seinare her). Vidare vart det å produsere trygg mat poengtert utover dagen. Skal vi bruke dette hjortekjøttet i ein større samanheng så må maten vere trygg mat og det kan vi vere eininge i.

Andre tema:
Gammal kunnskap i ferd med å forsvinne.
sikre tradisjonar
sikre kunnskap.
Virkemiddelbruken korleis fungerer den egentleg?
Er det for dårleg måloppnåing.

Kommunane som førstelinje. Fungerer dette? Treng vi styrking av landbrukskontora? og landbruket inn som ein del av samfunnsutviklinga. Her er vi inne på eit tema som kanskje er veldig sentralt. Mange små kommunar har landbruk som viktigaste næring, men ikkje landbrukskontor eller satsing på utvikling av nye næringar i landburket. Muligheiter?

Vi fekk høyre om eigenskapar i kjøtt som skal inn i større næringskjede. Jaktturisme, hotell som vil ha tak i vilt hjortekjøt. Markedet er der, hjortebestanden i vekst, det må takast ut meir kjøtt men kor gjer vi av det. betydelg logistikk må på plass og er det økonomi i dette.

Det kan bli mykje spennande ut av dette og dersom landbruket skal blir meir mangesysleri og dette er strategien så kan i alle fall hjorte verte ein betydeleg ressurs for mange grunneigarar.

No båt til Svanøy!