tirsdag 30. november 2010

Planlegging av studieturar sjå kva vi held på med!

Kompetansenavet vest har fleire spennande studieturar og kurs i utlandet på blokka. No gjeld det å få på plass dei rette opplegga. Skal vi ha kurs på desse turane eller berre sjå? Kor mange timar i bil og ikkje? Tidspunkt og lengde på turane. Slike opplegg treng lang planlegging så nokre av tilbuda vert vinteren og våren 2012. Men første tur får vi til alt i mars 2011 og går sannsynlegvis til Danmark der Camilla Plum sin gard står høgt på lista. Men her er ei oppsummering og nokre lenkar til aktuelle stadar.

1. Danmark - tema Nordisk mat, økologisk, inspirasjonstur og møte felles nordisk tenkemåte innan matkultur, konservering og smak. 3 dagar, maks 12 deltakarar - ein må søke for å komme med. Fulgebjerggard.

2. Italia - tema kjøttforedling med spesielt fokus på spekemat, prosessar, tilstningar, kultur og mathandtverk. våren 2011 tidlegast, truleg vinteren 2012.

3. Tyskland - tema drikkevarer, fruktvin, cider, eple og fruktdrikkar. Dette blir ein tur med fokus på drikkevarer frå frukt. Under Biofach messa i feb 2010 kom vi over nokre svært interessante produsentar som vi har tru på vi kan lære mykje av. Vi arbeider med å få til kurs under turen i tillegg til å sjå på og besøke nokre produsentar. ca. 5-6 dagar. Turleiar Eivind Vangdal. Tidspunkt ikkje avklara.

4. Frankrike - tema ysting - vi søker rette behov, innhald og tidspunkt for dei tradisjonsrike ysteturane. Er du interessert i å vere med på ystekurs eller tur til Frankrike meld frå om dette slik at vi veit at det er behov og interesse for det. Truleg ny tur vinteren/våren 2012.

5. USA - tema direktesal, small farming og staten Washington. Denne staten kan likne litt på Norge både i storleik og folketal. Men sjølvsakt litt større forhold der borte. Men typisk avstand til Bondens marked er 4 timars køyring og ikkje så ulikt vestlandet. Universitetet i Washington http://www.wsu.edu/ har eit eige program for små familebruk, nettverk og kursverksemnd. Det hadde vore interessant å sjå litt utanfor Europa på korleis dei gjer det på salg der borte. Ei eiga grønn bok i salg er utvikla. Pike place market må opplevast og her har mange små produsentar faste bodar dei sel frå. Tidspunkt: sept 2011 eller sept 2012. September fordi då er det full fart i alle marked og innhaustinga på sitt beste. I tillegg ynskjer vi å ha kurs på Universitetet og det startar ikkje opp før andre veka i september. Blir begrensa antall deltakarar og søknad for å få vere med.

6. Norge - tema kjøtt, kan vi få til ein liten tur nordover for å sjå på kjøttbedrifter, utveksle erfaringar osv. For alle som driv med kjøtforedling.

7. Skottland - hjort, feltkontroll og hjortekjøtt inn i større næringskjede er eit satsingsområde for Kompetansenavet vest. Mange er i tenkeboksen rundt om for å bearbeide og foredle hjortekjøtet sitt. I Skottland har dei mykje slike råvarer, men får dei fram god nok kvalitet på sluttproduktet? Her er innsamling sett ut i større skala. Ser vi andre måtar å gjere dette på? Vi kan like gjerne lære av korleis ting ikkje skal gjerast som korleis ein kan gjere det. Feltkontroll av hjortevilt har vore i drift i Skottland ei stund - korleis fungerer dette i praksis? Turen vil ha begrensa antall deltakarar og søknad om å få vere med.


Nokon av turane som freistar? Ta kontakt med oss eller kommenter under. Send gjerne ein epost til meg slik at eg får inn meldingar om interesser. aud.slettehaug@sfj.no