fredag 8. oktober 2010

Siste kurs i konserveringsteknikkar frukt og bær


Siste kurset i konserveringsteknikkar frukt og bær er på Sandane i Gloppen fredag 15 oktober 2010. Fortsatt ledige plassar.
kl. 09.00 - 16.00.
Kursavgift ny pris: kr. 600 pr deltakar inkl. lunsj.
På bildet 7 godt fornøgde kursdeltakarar på Hafslo 23 september. Kari Støfringsdal kursleiar. Vi lærte råsafting, safting, hermetisering, sylting, frysing, gelear, sylting, ulike bærsortar, ulike frukter og bruk. Bruk av pektin og alt utan å bruke kunstig konservering. Nytting og veldig godt!

søndag 3. oktober 2010

Kom deg på kurs

Kompetansenavet vest arrangerer mange kurs og fagdagar. Eit slikt kurs er lett å hoppe på og kostar mellom 750 og 1000 kr. pr dag. Då får du mat inkl. Akkurat no pågår kurs i konserveringsteknikkar med Kari Støfringsdal. Her lærer du det du treng å vite om hermetisering, safting rå og kokt, sylting sur og søt. Med denne kunnskapen kan du lagre alt av frukt og bær frå hagen, komme i gang med å fylle glas og flasker for sal eller for servering. God økonomi i å gjere dette sjølv. Det er utruleg mange som gjennoppdagar hermetisert frukt på lokale serveringsstadar - enkelt og så engasjerande.

Desse kursa kjem i nær framtid:
Denne veka er det kurs i Førde med Ole Johnny Eikefjord - her er det Arue som er tema. Jølstravatnet har ein enorm ressurs som vi må formidle på beste måte.

Smak sakte festivalen i Aurland - raske måltid på sakte vis, ja dette er temaet 7. oktober. Ei utfordrande sak, men som lett let seg gjere og med god økonomi dersom ein gjer det på rette måten. Vi skal vere på Flåmsbrygga og besøker Fretheim til slutt for å få innblikk i strategien bak det Beviste kjøkken.

15. oktober Sandane - konserveringsteknikkar
15. oktober - Matkulturdagane i Eidfjord - Ingird Espelid Hovik, Astrid Riddervold, Harald Osa, Johan Trygve Solheim, Hanne Frosta, Gunnar Nagell Dahl, Norges Vel, med fleire. Stor seminardag om reiseminner, hjort, mattradisjonar, menyskriving og bruk av ville vekstar.
20. oktober Luster - Pølsekurs
1. november Balestrand, Ciderhuset - Smaken av Sogn - siste kursdag om dessert og avslutte måltidet - Hanne Frosta
11. november - første økonomikurset - få dreis på å analysere økonomien i di bedrift, eit supernyttig kurs - sett av denne dagen, dette er verkeleg bra!
November i Aurland - Ystekurs
les meir her.
3 ledige plassar.

fredag 17. september 2010

Stor kursaktivitet

Det er travel tid i kompetansenettverket, mange kurs er i gang og skal gjennomførast. Her finn du ein oversikt over alle kursa som vert arrangert i 2010 og 2011. Samtidig skal vi i gang med å planlegge aktiviteten for 2011/2012. Har du ynskjer om kurs ta kontakt og kan det vere aktuelt med hospitering eller besøksordning så er det lurt å planlegge dette i god tid. Du kan kontakte meg om du lurer noko her skriv ein epost aud.slettehaug@sfj.no.

onsdag 1. september 2010

Hjort2010 i gang

Lang dag med foredrag og innlegg om hjort, som ressurs og næring i utmark er tilbakelagt. Verdens lengste hjortebord fortært og no tenkte eg kort å oppsummere nokre tema: Ola T Heggheim (statssekretær) innleia med innlegg om næringsutvikling knytt til utmarksressursar. Og det verkar for at dette får stor plass i den nye landbruksmeldinga. tall på 3, 4 og 5 milliardar blir landsert, langt over tømmer...., men her vart vi dratt ned på bakken igjen av Øyvind Wang, Norges Skogeigarforbund som stilte spørsmål til desse samanlikningane. Tømmer = førsteverdi, tall utmarksnæringar tar med alle sideaktivitetar også... så tømmer er nok fortsatt største ressurs i skogen då.

Statsekretæren viste til to viktige strategiar. Ta landet i Bruk! og Smaken av Norge matpolitisk strateig (linkar kjem seinare her). Vidare vart det å produsere trygg mat poengtert utover dagen. Skal vi bruke dette hjortekjøttet i ein større samanheng så må maten vere trygg mat og det kan vi vere eininge i.

Andre tema:
Gammal kunnskap i ferd med å forsvinne.
sikre tradisjonar
sikre kunnskap.
Virkemiddelbruken korleis fungerer den egentleg?
Er det for dårleg måloppnåing.

Kommunane som førstelinje. Fungerer dette? Treng vi styrking av landbrukskontora? og landbruket inn som ein del av samfunnsutviklinga. Her er vi inne på eit tema som kanskje er veldig sentralt. Mange små kommunar har landbruk som viktigaste næring, men ikkje landbrukskontor eller satsing på utvikling av nye næringar i landburket. Muligheiter?

Vi fekk høyre om eigenskapar i kjøtt som skal inn i større næringskjede. Jaktturisme, hotell som vil ha tak i vilt hjortekjøt. Markedet er der, hjortebestanden i vekst, det må takast ut meir kjøtt men kor gjer vi av det. betydelg logistikk må på plass og er det økonomi i dette.

Det kan bli mykje spennande ut av dette og dersom landbruket skal blir meir mangesysleri og dette er strategien så kan i alle fall hjorte verte ein betydeleg ressurs for mange grunneigarar.

No båt til Svanøy!

onsdag 25. august 2010

Hjorten står i fokus i Florø 1 - 3 september


Hjort2010 det store fagseminaret om hjort er i Florø 1 til 2 september. Norsk Hjortesenter med fleire inviterer forvaltning, jeger, rettshaver, viltmottak, kokkar og interesserte til ny viten om hjorten sin verden. Hjortebestanden er i vekst, jegerstanden "forgubbar" og har ikkje tid til å vere så mykje i skogen, frysarane er fulle burde vi då sjå på å utnytte vilt hjortekjøt betre i ein større næringskjede? Dette er det eit stort tema under samlinga.

Etter seminaret inviterer Kompetansenavet Vest til fagsamling på Svanøy der kokken, jegeren og viltmottaket inntar podiet og gjennom eit rollespel går gjennom ulike problemstillingar og krav desse set til kvarande. Dette kan bli ein spennande måte å få diskutere utfordringar og muligheiter på. Men er det lønnsamt å forsøke å samle inn vilt hjortekjøt for så å omsette det i marknaden? Ein betydeleg ressurs, men som kanskje har nokre utfordringar for å få lønnsomheit i. Dette vil vi diskutere i det vi går inn i årets jaktsesong for hjort med stor etterspørsle etter råvara frå hotell og serveringsstadar i regionen.
Link til program for fagsamling på Svanøy 2 - 3 sept finn du her.

Spennande! Ser eg deg i Florø til veka?

lørdag 17. juli 2010

Bærsesongen er godt i gang

No er bærsessongen godt i gang, jordbærsesongen og morellene er i gang og om ei veke eller to så er bringebæra her. Dette er ei travel tid for dei som dyrkar bær og marginane kan vere svært små om ikkje vergudane er på rett side. I går kunne vi høyre om vinden som øydela for morelledyrkarar i Hardanger. Eg anbefalar å ikkje vente med å tinge bær til frysing - tips i staden for å sylte no få ferske bær i frysen så kan du sylte og safte utover vinteren. Ta opp passeleg mengde og koke opp sylte utover vinteren eller lage iskrem og sorbet, marinere bæra til dessertar osv. Moreller kan også frysast og så heller du varm sukkerlake over - blir nydeleg til iskrem. Lykke til!

torsdag 8. juli 2010

Festivalmat


Det er tid for festivalar og hovudtema er musikk, kunst og kultur, men også mat ser ut til å få stadig større betydning for opplevinga av festivalen. Eg hugsar eit år på Førdefestivalen då eg hadde kjøpt festivalpass og skulle ha med kusina mi frå USA, vi fekk med oss alt av konsertar men så kom vi til eit punkt at vi måtte ha mat og drikke. Vi såg på tilbodet i kiosken, men der var svette standard rundstykker, hamburgar, pølse i brød og vaflar.... dette er blitt nokre år sidan. Men mat vi hadde lyst på fann vi ikkje, vi hadde appetitt og ville investere i matopplevinga..... eg trur vi enda opp med å ete litt is og drikke for så å vente med maten til vil kom heim. Sidan denne hendinga har eg merka meg når festivalen har noko ekstra å by på, beste opplevingane har eg frå musikkfestivalane i Eugene Oregon då all verdas matrettar er å få frå bodane nedover gata.


Festivalane rundt om kjem seg på dette punktet og no heiter det Mat og kunstfestival i Rosendal, Førdefestivalen har fått samarbeid med kokkelauget og Bondens marked, Vikingrock i Gudvangen. Mat er ein viktig sosial faktor, folk samlast rundt mat og vi opplever festivalen gjennom alle sansane også smak og duft. Fortsatt trur eg vi har mykje å hente på å tilby gode matopplevingar under festivalane, og det blir kjekt å kunne vere med å utvikle dette vidare. Lykke til alle som er i gang med å servere matopplevingar i festivaltida!