Lang dag med foredrag og innlegg om hjort, som ressurs og næring i utmark er tilbakelagt. Verdens lengste hjortebord fortært og no tenkte eg kort å oppsummere nokre tema: Ola T Heggheim (statssekretær) innleia med innlegg om næringsutvikling knytt til utmarksressursar. Og det verkar for at dette får stor plass i den nye landbruksmeldinga. tall på 3, 4 og 5 milliardar blir landsert, langt over tømmer...., men her vart vi dratt ned på bakken igjen av Øyvind Wang, Norges Skogeigarforbund som stilte spørsmål til desse samanlikningane. Tømmer = førsteverdi, tall utmarksnæringar tar med alle sideaktivitetar også... så tømmer er nok fortsatt største ressurs i skogen då.
Statsekretæren viste til to viktige strategiar. Ta landet i Bruk! og Smaken av Norge matpolitisk strateig (linkar kjem seinare her). Vidare vart det å produsere trygg mat poengtert utover dagen. Skal vi bruke dette hjortekjøttet i ein større samanheng så må maten vere trygg mat og det kan vi vere eininge i.
Andre tema:
Gammal kunnskap i ferd med å forsvinne.
sikre tradisjonar
sikre kunnskap.
Virkemiddelbruken korleis fungerer den egentleg?
Er det for dårleg måloppnåing.
Kommunane som førstelinje. Fungerer dette? Treng vi styrking av landbrukskontora? og landbruket inn som ein del av samfunnsutviklinga. Her er vi inne på eit tema som kanskje er veldig sentralt. Mange små kommunar har landbruk som viktigaste næring, men ikkje landbrukskontor eller satsing på utvikling av nye næringar i landburket. Muligheiter?
Vi fekk høyre om eigenskapar i kjøtt som skal inn i større næringskjede. Jaktturisme, hotell som vil ha tak i vilt hjortekjøt. Markedet er der, hjortebestanden i vekst, det må takast ut meir kjøtt men kor gjer vi av det. betydelg logistikk må på plass og er det økonomi i dette.
Det kan bli mykje spennande ut av dette og dersom landbruket skal blir meir mangesysleri og dette er strategien så kan i alle fall hjorte verte ein betydeleg ressurs for mange grunneigarar.
No båt til Svanøy!
Dette var eit nyttig seminar. Vi er inne i sluttfasen her. Hjorten som næringsressurs har stått i fokus og det er mange spørsmål og kunnskap som må fram vidare for å om mulig gjere større nytte av hjorten på denne måten. Eit sentralt spørsmål er om det er nok verdiar i dette slik at det faktisk er lønnsomt å samle inn hjortekjøtt slik at dette både næringsrike og gode kjøtet kan nå ut til folk flest. Dette vil vi arbeide vidare med. Frå mandag er presentasjonane tilgjengelege på www.hjortesenteret.no
SvarSlettMeir blogging her om hjorteseminaret kjem så følg med.
Konklusjon oppsummert av Solheim:
Det er muligheiter -
Vi får endringar i forvaltnignga med regionreforma - endringar gir også muligheiter.
Ellers har hjorteøl vore eit tema og det er for salg i Kinn Bryggeri. Takkar for meg i Florø i denne omgang - Hjort2011 er 31 aug til 1 september.