fredag 29. oktober 2010

Matsminke og debatten om fosfat tilsatt kjøtt og fisk

Denne veka har Brennpunkt og Aktuelt avslørt at fosfat blir tilsatt foredla fiskeprodukt for å øke vekt og opplving av produktet. Videre hadde Dagsrevyen på NKR1 sak om dette i går torsdag 28. oktober. Der kom det fram at også kjøttvarer er tilsatt fosfat og særleg dei billege og bearbeida produkta. Matjuks er vanskelig å oppdage for folk flest. VG har fleire artiklar om saka også og det ruller i media "full matalarm". Men dette er ikkje første gang dette blir tatt opp. I 2004 var det ei liknande mediesak. Men det er ofte eit blaff og så har folk flest gløymt eller går tilbake til gamle vanar. D2 magasinet har ein artikkel om matjuks og Mats-Eric Nilsson (den hemlige kocken.) Les om mat i stedet for tilsetninger her. Dagsrevyen Fredag har også oppslag om saka, no vil kontrollorgana i EU (ESA) ha ei oppklaring også. Helse og omsorgsdepartimentet har sett Mattilsynet på saka og i Kristiansund har dei alt funne ulovlege stoff hos produsentar. Er det lovbrot her så kan sakene komme inn for EFTA domstolen.



For deg som driv med produksjon av lokal mat og skal ut å møte forebrukaren no dei kommande dagane og vekene kan det vere lurt å sette deg inn i saka og kunne svare. På nrk kom det fram at E 450 er fosfat det er ei lang rekke med stoff som går inn i dette eine nummeret. I tillegg er det ei rekk andre stoff som også er saltbindingsstoff. På spørsmål her anbefal å lese på matportalen.

Men no har vi fått hjelp igjen av medieoppslag om matjuks til å forklarar prisen på produkta som er kjøtt og ikkje kjøtt med 20% vatn i seg. Det kan rett og slett vere lurt å bruke denne anledninga til å informere litt ekstra. Ikkje for å skremme kunden, men for å informere om kvifor du vel å vere mathandtverkar og framstille reine varer. NRK har sett fokus på ein fysisk eigenskap med kjøtt og dette er rett og slett til hjelp til kommunikasjon av kvifor lokalprodsert mat har ein dyrare kg pris. Nortura er raske på foten med å fortelle at pølser frå nortura er uten fosfat.



Og viktig - all økologisk mat er uten fosfat også økologisk mat frå utlandet. Men obs obs - ver skeptisk til matmerkinga økologisk på importerte varer her er det mange som prøver seg. Men Oikos passer på. Spør om råd hos oikos dersom du vert i tvil.



Myter om E stoff viktig at vi informerer rett. Les Matportalen sine artiklar om dette. E stoff er ikkje farlegare jo høgare nummer. Brukar du natron som hevemiddel er dette eit E stoff og skal merkast. Brukar du samansette produkt som ingrediens i produkta dine skal dette også merkast og ver informert om kvifor og kva som er brukt.



Politikarar og forbrukarombud seier dei tek dette på alvor og lovar å følge opp saka. Det blir spennande å sjå kva som skjer framover. Er det eit blaff eller skjer det endringar. Fosfat i seg sjølv er på verdsbasis i så stor bruk og ikkje blitt ei stor helsemessig sak. Og det blir påstått at det ikkje finst dokumenterte studiar som viser skader der fosfat er direkte årsak. Det som er det mest alvorlege her er at matbransjen og særleg billegvaresegmentet prøver å unngå at forbrukaren skal oppdage at fosfat og tilsettningar er brukt. Det er for vanskeleg å vete for forbrukaren at det er i bruk. Igjen har matportalen ein artikkel om dette i dag.



Så konkusjon - det kan vere grunn til å legge litt arbeid i å kommunisere ut no at lokal mat er fri for matsminke. Her får du kjøtt og ikkje vatn. Reine produkt, her betalar du for kjøttvara og ikkje for vatn, saltbindingar. Maten her er ikkje ei varenummerlinje, men eit handtverksprodukt frå meg til deg. Dersom du legg på 20% pr. kg. i prisen på billigbaconet, så er kanskje ikkje det lokalproduserte så veldgi mykje dyrare.

Blir spennande å følge dette framover. For kurs om lokalprodusert mat sjå her. Sogn Jord og Hagebruksskule økologisk landbruksutdanning her.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar