Vinner av Ganefart 2010 er Gloppen Hotell og Bodil Fjellestad. Les begrunnelsen i Nationen her. Vi gratulerer! Dette fortjener de! Bodil er kompromisslaus når ho er på kjøkkenet, ho veit kva ho vil og berre dei beste råvarene er gode nok. Rettane komponerer ho mesterleg både med tanke på økonomi i kjøkkenet og oppleving for kunden. Det har vore ei rivande utvikling ved hotellkjøkkenet dei siste åra. Det skal krefter, motivasjon og mange mange arbeidstimar til for å få fram dette noko som også viser igjen på omsetninga. Kokken må bruke tid hos råvareleverandørane og kan ikkje berre bestille eit varenummer. Men dette får kunden igjen for i økt matoppleving. Ikkje berre reint fysisk, men like mykje formidling av den verdiskapinga som bonden gjer og at ein veit kor råvarene kjem frå. Dette gir nærheit til maten som igjen er kulturbærar.
Fleire hotell ser no til Gloppen for å lære, Bodil sin kjøkkenfilosofi er trendy, framtidsretta og den innsatsen dei har sett inn på dette området vil lønne seg i åra som kjem. Det er berre å ynskje dokke lykke til og Ganefart prisen fortjener de så absolutt.
Men eg må slutte meg til ein liten ting i jurien sin kommentar og det er barnemenyen - inn med minihjortekarbonader, frikadeller og små porsjoner tilrettelagt for barn. Samme som dei voksne har. Harald Osa i stiftinga norsk matkultur brenn for dette for tida og på matkonferansen i Eidfjord 15 oktober fekk han salen til å våkne på dette punktet. Det er berre i Norge vi har barnemeny, og det er berre på restaurantar i syden der nordmenn går det finst barnemeny. Ellers et barn og blir servert det dei voksne får, dette er ein del av kulturbæringa og det å lære å smake. Her må vi som foreldre og kundar ta eit tak og endre våre måtar å formidle mat på. Taverposten nr 4 har ein artikkel om dette.
Er du kokk og lurer på å komme i gang med lokal mat på din meny så kan du ta kontakt med kompetansenavet vi har hospiteringstilbod, nettverk for produsentar og kurs. Måndag 1 november er vi på Ciderhuset i Balestrand og ser på eplejus som opplevingsdrikk, ostar frå regionen og Hanne Frosta viser oss ulike teknikkar med dessert. Vestlandet har frukt og bær som vår viktigaste råvare, men på hotell og kafear langs vegane finn vi stort sett standard puddingar og til nød frosne importerte bærblandingar med varenummer smak. Stikkelsbær, solbær, bringebær, kirsebær, moreller, rabarbra, blåbær, tyttebær. Smakssterke opplevingar som kan bli hugsa om vi set inn litt innsats på å formidle det.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar