mandag 16. desember 2013

Studietur til Frankrike med Pascale Baudonel 16.- 22.mars 2014


 

Turen går til i Nord-regionen i Frankrike der dei har litt den same tradisjonen som oss i Norge med produksjon av smør og magerost. Her er det mykje å lære både om produksjon og om utstyr.
 Ystelærar, Philippe Classeau, på jordbruksskulen“Lycée agricole du Quesnoy” har ystekurs for oss om føremiddagen og organiserer ysteribesøk om ettermiddagen. Pascale er tolk og turleiar. Pris: Ca 8000,-eks flyreise

Tema:  Yoghurt, smør, rømme, fastost modna med midd (Mimolette), fast magerost (Fromage de Bergues) og mjukost (Maroilles, bildet) .  

 

mandag 3. juni 2013

Løvetannsalat

Blir løvetann like vanleg å finne i salaten som ramsløk er blitt? Løvetann er kanskje på vei tilbake til kjøkkenet, nokre få blad og ein heil dagsrasjon av grønsaker er sikra, dermed kan vel også husholdningsøkonomien juble. Tid for kunnskapsbyks, prøving og feiling - det er definitivt tid for å sanke ugras!

Denne veka har eg renska ut kilovis med løvetann frå bed, plen, grusveg, mellom steinar og kor den måtte finne på å spire. Sist veke fekk eg servert løvetann og surbla på ulike restaurantbesøk i Washington, USA. Dette fekk meg til å lese meg opp på veksten som eg trur vi kjem til å bruke mykje meir av i maten og få oppleve på restaurant i sesong, slik ramsløk og etter kvart nesle er blitt vanlege ingrediensar.

Løvetannblada er bitter i smak, kan likne litt på roccolasalat. Den må haustast når den spirer, så kort sesong. Blomsten har muligheiter som drikke, saft, te og vin. Men rota er kanskje mest interessant. Den gir eg meg ikkje ut på å skrive meir om her - men linkar heller til meget utfyllande info: http://www.rolv.no/urtemedisin/medisinplanter/tara_off.htm

Og nokre saker til inspirasjon:
http://www.kk.no/871605/spis-lovetann
http://www.friluftsrad.no/file=5454
Så kan den interesserte google seg vidare på dendelions....


Så med opplest info om næringsinnhald i løvetann, overraskande gode rettar på studietur i USA

Løvetannsalat hos Acme Farms and Kitchen in Bellingham, WA.
Surbladsuppe på Mormor Bistro i Poulsbo, WA. 
og ein smule nyskjerrig på kva som kan smake godt nede i den spirande bakken vår, så var eg på ein kjapp sanketur og laga til denne retten 31 mai 2013.


Salat til ein person:


Frå hagen:
5 surblad
8 løvetannblad
4 stilkar grasløk
4 marikåpespirer
1 løvetann blomst
2 kvastar engkarsse
1 stilk rabarbra (la i kald sursøtlake (eddikk og honning) 1 døgn)
 
Frå kjøleskåpet:
1 lita gulrot (økologisk frå butikken)
2 salamipølser strimla
2-3 ss reve Sterkenils (ost frå det vesle ysteriet med dei store smakane, Samnanger)

Bringebærvinaigrette laga frå botnen av:
50 gr økologiske bringebær frå Kroken i Luster.
2 ts sommarhonning frå Sognabia i Lærdal (så søtt som ein vil ha det)
Litt eplejus frå Fjordane Gardspresseri
Eddikk, for eks. bringebæreddikk frå Kroken Frukt og bær,
Sar frå Høgt og Vilt urter frå Devik
pepper (nykverna svart - fordi eg må ha det... kan sløyfast)
Dijon Sennep og heile sennepsfrø
Olje (obs. mild smak - evt. droppe om ein ikkje har rett type). Eller ha på olivenoje i tillegg til vinaigretten.
 
Resultat:
 
Magnus 20 månader syntes det var rasande moro at mamma åt bombst og måtte smake:
 
Kompetansenavet vest har kurs i ville vekstar og for deg som driv med servering kan vi tilby hjelp av matkontakten vår Hanne Frosta som jobbar mykje med smak og bruk av ville vekstar.
 

mandag 8. april 2013

vår for lokalmat

 
Omsider vår og vår er det også for omsetning av lokalmat...
 

 
Det er tid for våronn omsider. Bloggen her har stått litt stille, men menneska bak har definitivt ikkje stått stille i vinter. Kursaktiviteten på Sogn Jord og Hagebruksskule, Kompetansenavet og alle våre samarbeidspartar har blomstra og vi har verkeleg stått på i vinter. Blir spennande å fylje alle kursdeltakarane og prosjekta vidare. I tillegg har mange hatt besøk og fått fart på sine små og store utfordringar, planar, søknader osv. Ei mengde nye produsentar kjem til og alle vi andre som har helde på ei stund ser ein knallbra og utruleg vekst! Bondens marked i Bergen har marknad annakvar veke no. Omsetninga går litt opp og ned, men det er opp og ned frå bra til veldig bra. Aldri under det som er brukbart, dvs. at produsenten set igjen med nok til å dekke sine utgifter med salget både tidsbruk og fysiske utgifter.Det har vore 17 til 20 deltakar no på vinteren. Det er berre å satse folk - denne maten vil folk ha - det er det liten tvil om.
 
Bilder her:
 



 


torsdag 22. november 2012

Bagatellisering frå TAD i dag

Då har det vore ei rekke artiklar om avgiftene den siste veka. Mange har uttala seg inkl. oss i Kompetansenavet vest. I artikkelen i papirutgava av nationen i dag så kjem det fram at avdelinga for særavgifter hos TAD ikkje synest produsentane kan ha noko stor jobb med avgiftslagera. Ikkje mykje audmjuk haldning der nei. Og litt vel arrogant å påstå at det må jo vere i produsenten si interesse å ha oversikt over eige lagar.


Vanskeleg å lese dette så send ein epost: aud.slettehaug@sfj.no så sender eg den over.


La meg seie det slik - å ha oversikt over eige lager er no ein ting - men å skulle dokumentere lageret for inspeksjon til ei kvar tid er ikkje berre litt forskjell, men ganske stor. Finn TAD avvik i det dokumenterte lageret kan dei med lova i hand pålegge produsenten ekstra avgifter. Og eg forstår fortsatt ikkje kvifor same produsent kan rapportere mva ein gang i året, men må dokumentere bringebærsafta si med antall flasker  her og der på dagen. MVA er vitterleg ei mykje større avgift enn sukker- og miljøavgifter. Det er heller ikkje lenge sidan TAD gjekk over til elektronisk innrapportering og vi veit jo alle at altinn fungerer jo til ei kvar tid.

La oss rekne litt tid og verdiar for produsenten her:
Å registrere eit skjema på altinn tek minimum 15 min uansett kva du skal gjere med all mulig slagsinnlogging og signeringar. Legg du til tida det tek å føre lageret sitt kvar dag så tek dette også  minimum 10-15 min pr gang du skal gjere noko med det og har du salg/inn og ut av lageret ditt minst 200 dagar i året så er det lik 2000 - 3000 minutt som er 33 - 50 timar lagerføringstid i året pluss rapporteringa til altinn: 15 min x 12 rapportar= 3 timar (sjølv om du har null i sal så må du ta deg tid til å rapportere 0). I tillegg kjem betaling for avgifta i nettbanken, føringa av utgifta i rekneskapen også minst 3 timar i året. Anna brevskriving og evt besøk frå TADset vi til snitt 2 timar i året.
Totalt med lågaste tal min for lagerføring 10 min lagerføring 200 dagar i året (33 timar) + 8 timar adm arbeid = ca ei vekes arbeid går vekk til dette i året. Saka er at dette er nett den same tida som dei store bedriftene brukar  då dei har dette digitalisert og går mot ordrar, hos dei små går det manuelt og folk flyttar på flaskene i tillegg.

Set vi timesatsen til kr. 350 x 41 timar til dette pr år =  kr.14 350,- 


Ta vekk kravet om full lagerstyring og rapportering ein gang i året så ville kostnaden for dei minste bedriftene vore nede i under ein time og telling av lager kunne vore samtidig med varetellinga til årsavsluttninga. Antall einingar selde i løpet av eit år må ein sjølvsakt registrere så litt meir tid vil det ta gjennom året men likevel langt enklare.

Det blir litt meinigslaust når TAD påstår i artikkelen i Nationen i dag at dette ikkje er noko ekstra arbeid for dei små produsentane - dette heng ikkje saman med det Giske har lova dei små bedriftene. Kva vinn samfunnet på å måtte ha slike avgiftslager på sukker og drikkevarer av jus? Då har vi ikkje ein gang starta på miljø og helsedebatten i dette.... eller satsinga på lokalesmakar og drikkevarer.

Heldigvis har Høgre og Frp lova å sjå på saka - vi får håpe dei klarer å følge dette opp. Og her i Kompetansenavet vest fyljer vi nøye med.

onsdag 14. november 2012

Kvardagen som driftar av eit avgiftslager

Ikkje nok med at du skal betale sukkeravgift du skal også drifte eit avgiftslager og det er ikkje berre berre. Les om det i det årlege rundskrivet frå Toll - det er finansdepartimentet som gir føringar for størrelsen på avgiftene og no skal sukkeravgifta nok ein gang opp. punkt 11.16 og 11.17 tek føre seg desse utgiftene



I går fekk Lerum fram i NRK Sogn og Fjordane at dei likar dette dårleg og kjempar for å differensiere eller få vekk sukkeravgiftene. Vi tipsa NRK at dette også gjeld mange andre produsentar av drikkevarer rundt omkring i frukt og bærfylket Sogn og fjordane. Visste du forresten at er du produsent av drikkevarer og serverer smaksprøver til gjestane dine så må  du dokumentere kor mange cl kvar enkelt gjest smakar/drikk???? Ikkje nok med at du skal dokumentere kor mange flasker du tek ut av lageret til smaking, men kor mange cl du fyller i kvart glas...... Bur vi i Norge i 2012 eller ka i alle dagar er dette regimet. Men Finansdepartimentet synest det er ok med særavgifter for dei tenker jo berre på sine inntekter og så brukar dei unnskyldninga om at avgifter må vi ha for ellers blir folk for feite. Og legeforeininga er med, sukkeravgift er bra, høge avgifter på sukker er god prevantiv politikk ....

Ja ja.... i dag fekk vi i alle fall litt taletid kl. 06.45 på lokalen i sogn og fjordane, nokre kvitrande morgonfuglar fekk det kanskje med seg - men vi får skrive om saka og halde litt støy rundt den glade kvardag i å drifte avgiftslagera til staten så kanskje, kanskje ein gang kan det gå opp eit lys for nokon som bestemmer i dette landet at dette er galt - motivasjonen til små produsentar av matspesialitetar på alkoholfrie drikkevarer er for lengst oppbrukt på dette temaet - der er det endre eller escape som er alternativa.

Nei - rapportering ein gang i året og fritak frå å føre full rekneskap med lager.
Avgiftene er ok å betale som ellers i bransjen, men rapporteringa og tilsynet med desse lagera kan det umulig vere samfunnsøkonomisk nytte i.

Kan også legge til denne artikkelen som har stått på trykk i det siste:
http://www.nrk.no/nyheter/norge/1.8390215

tirsdag 6. november 2012

Lokalmatprogrammet sine støtteordningar

Vi er alt midtveis i det 3 årige Lokalmatprogrammet og betydelige midler og virkemidler er i sving. Men du lurer kanskje på kva midler og hjelp som er tilgjengeleg for deg. Her ein liten kjapp oppsummering:

Heilt fersk og med idear, ivrig etter å komme i gang:
Ta kontakt med næringsfondet i kommunen - det er mange kommunar som har fond som ein kan søke midlar frå. Her kan du få midlar til fysiske investeringar, hjelp til planlegging og hennvisning til andre verkemidler. Har du næringsmiddelfaglege spørsmål eller treng litt påfyll av kompetanse innan ein produksjon tek du sjølvsakt kontakt med Kompetansenavet.

Etablerar:
Når idefasen er over og bedriftsetablering er ein realitet så kan Innovajson Norge vere staden å få litt drahjelp. Her blir det gitt etablerarstipend og investeringstilskot til ulike næringar. Adressa der du bur, bransje, om du er kvinneleg grunder osv kan vere faktorar som avgjer om du får støtte eller ikkje.

Bedriftsutvikling:
Bedrifta er i gang, men du har allikavel investeringar eller pålegg frå Mattilsyn, Arbeidstilsyn eller andre som gjer at du bør gjere grep. Kanskje treng produktet nytt design eller profilering då kan du også søke om midlar hos Innovajson Norge eller kanskje det kommunale Næringsfondet dersom prosjektet ikkje er så stort. Ikkje gløym dei kommunale næringsfonda. Her link til ein pdf om denne støtteordninga.

Vekst:
Har du vekstambisjonar eller slit i det berømte "blodbadet" der faste kostnader er store, salgsvolumet skal aukast men tek tid, arbeidskraftkostnadane store osv. Då finst dei eigne midlar for vekstbedrifter. Kravet er at bedrifta har minimum 1 mill i omsetning, 1 årsverk og potensial/mål for vekst på 30 % over dei neste 3 åra.

Forplikatnade samansluttningar:
Det finst også midlar hos Innovasjon Norge for bedriter som inngår forplikatande samarbeid. Bestill eit møte hos rådgjevarane hos Innovajson norge og legg fram samarbeidet. Litt lurt å lufte ideen før ein set i gang med søknadsskriving.

Felles for alle er at støtta vert gitt for godkjente kostnadar. Tilskot kan variere frå 10 - 75% av den godkjente kostnaden. Treng du lån i banken kan rentestøtte også vere ei lita hjelp.

Mange hjelparar:
- Hos FMLA er det eigne folk som arbeider med ulike næringsutviklingsprosjekt, Landskapsparkar, Turisme, Lokalmatforedling, Økologisk, satsing på frukt og bær, ikkje nøl med å ta kontakt med dei. Send gjerne ein epost først så er det litt lettare å komme i gang med konkret rådgjeving.
- Innovajson Norge - eigne folk som arbeider med Lokalmatprogrammet i alle fylker. Ring sentralbordet så veit dei kven dei skal sette deg i kontakt med. I Hordaland May Britt Otterlei og i Sogn og Fjordane Tor Holsen.
- landbruksrådgjevinga, bondelagsorganisasjonane, Hanen, Norsk Gardsost, Bondens marked osv kan også vere potensielle sparringpartar.
- Besøksordninga hos kompetansenavet kan vere ei ordning som kan komme inn når ideen eller næringsmiddelfaglege spørsmål skal løysast. Ei lang rekke rådgjevarar er på lista her på ulike fagområder frå ysteteknologar, pølsemakarar osv.
- Norsk Hjortesenter - hjorten er ein stor ressurs på Vestlandet - planar om foredling, levering av kjøt til mottak osv. Ta kontakt med dei.
- Økologisk epledyrking - vi treng meir økologiske eple - komme i gang her ta kontakt med folka i føregangsfylket for økologisk dyrkning.

Kompetansenavet Vest planlegg eit stort kurs som passar for alle desse fasane 5-7 mars i Aurland/Flåm. Det er modul 3 i foredling. Der kjem vi inn på ulike økonomiske, marknadsmessige og planleggingsfaglege ting. Strategiar, finansiering osv. Kurset skal gjere deg i stand til å planlegge, bli trygg i dei strategiske valga ein heile tida må gjere. Kurset kjem snart på Landbrukskurs.no og på www.sjh.no/ressurssenter

fredag 19. oktober 2012

Norsk Drikke 2012

Norsk Drikke
Det vart eit spennande seminar i går, Fredag 19. oktober,  fagleg djupne og gode debattar. Mange aktørar innan Norsk drikke samla i tillegg til organisasjonar og prosjekt. Bedrifter representerte: Egge Gård, Ægir bryggeri, Lerum, Ciderhuset, Grønvik, Kinn, Balholm, Tine, Balder, Hardanger Saft- og Siderfabrikk, Arcus, Hardanger Cider, Rudi gard, Arvesølvet, Njøs Næringsutvikling, Kviknes Hotel, De historiske hotell og Spisesteder, Arena frukt og bær, Norges Bondelag, NHO, Matmerk, Innovasjon Norge, Frukt og bær rundt neste sving.  

Har vi kvaliteten, kva er ståstad for norsk drikke, kva muligheiter, kva retning? Det vart mykje politikk under seminaret, ikkje så lett å gjere noko med, men ein ting kan vi gjere og det er å fronte jusen vår, som Bondelagsleiaren poengterte sterkt, vi må bruke kreftene der vi kan. Lengre nede kjem min vesle syretest på om kor lett det var å bestille seg Balholm eplejus i baren på Kviknes hotell utanfor programmet til Norsk Drikke.

Det gjekk i alt frå alkohol og helsepolitikk til terroir og ølbrygging. nokre foto og slides:

Thierry Fabian leder for INAO i cider og calvadosdistriktet Normandie. Institute national de origine et qualitee.



Aud Melås hadde eit engasjert og bar fram eit viktig poeng, skal vi fortsette å leve med eit lovverk for reklame på alkoholholdig drikkevare frå 1975 då medieverda var ei heilt anna enn i dag, trur politikarane/lovgivande myndigheit at vi nordmenn tek på oss sensurbriller når vi går på nettet, reiser i utlandet og ikkje lar oss påverke av alkoholreklamen frå landa rundt oss. Skal norske arbeidsplassar og produsentar av norsk drikke ha heilt andre forutsetningar for å kommunisere om seg sjølve enn internasjonale store merkevarer. Kvifor skal det vere slik i 2012?




På Ciderhuset i Balestrand kan du ikkje kjøpe med deg ei flaske eplecider, berre nyte den der. Ciderhuset må vise kunden vidare til Vinmonopolet om kunden skulle ønske å kjøpe med seg den lokale drikkevara. Å få endra på dette ser ut til å vere svært vanskeleg. Men kanskje ei ordning som her skissert kan vere eit steg på vegen. Du bestiller på Ciderhuset og vara vert henta ut på det lokale vinmonopolet. Litt Russisk dette spør du meg der du bestiller varer over disk i eit hjørne av butikken og hentar ut i ei anna kø på same butikken...



De historiske hotell og spisesteder har 63 medlemmer 44 hotell og 19 spisestedaer. her er verdiene dei i felleskap står for. Lederen forklarte korleis dei arbeider med å levere forventinger dei skaper, kva er det å levere litt meir enn forventa?

Under paneldebatten til slutt under seminaret vart det debatert kva fase norsk drikke er inne i, har den norske forbrukar fått augene opp for norsk drikke?? Eg testa ut i praksis på Kviknes og skulle bestille meg ei balholmsaft i baren om kvelden, jo det hadde dei, innerst i eit kjøleskåp neders inne i eit hjørne klarte den utenlandske bartendaren å finne ei heilt vanleg Balholm eplesaft. Det gjekk kjapt ikkje det, men eg måtte jo vete om den, ha kunnskap om safta, vite at det var den eg ville ha!!!!  Og dette er i Balestrand heimstaden til drikken. Nei eg er heilt einig med Nina Sundqvist i Matmerk, som gjekk litt i mot resten av panelet som malte omdømet til Norsk drikke litt vel optimistisk. Vi har berre starta her, det er så vidt den norske forbrukaren er klar over at det finst norsk drikke. Og vi er ikkje beviste på det.

På Vulkan i Oslo finn du ei og anna norsk flaske eller 3 liter med eplejus eller kanskje til og med ein bringebærdrikk, men Danskane var inne her promte med økologiske drikker, bruks osv. Kor er innovasjonen hos dei norske drikkevareprodusentane? Det kjem stadig nye merker av eplejus ramsar vi opp alle så har vi sikkert 100 produsentar med like mange merkevarer som skal posisjonere seg i det norske markedet. Og alle kjem med den same innpakningen og omtrent same innhald. Bra for lokalmarknaden og variasjonen, men for å bygge merkevarer internasjonalt eller bli kjent ute i den store drikkevaremarknaden - er dette nok?

I Canada på vestkysten i British Columbia har dei BC Cider. Punktum finale. Kjem du som turist der så får du spørsmål. Har du smakt BC Cider? eh, nei det hadde eg ikkje, men eg vart fort opplært på den og no har eg tilnærma full oversikt over ulike variantar, besøkt små cideri, store, ingen alkohol til masse alkohol, med pære, fersken og andre smakar. men eit budskap ut mot den uinvigde kunden - have you had BC Cider? Nope.... okay, here you go, taste. Her link til eit cideri på Vancuver Island:  http://www.merridalecider.com/

Så til Kviknes - de må begynne med kunden frå dei kjem inn døra, har du smakt Balholm? Den må stå i resepsjonen, personalet må kunne den, like den, formidle den, vere på frukostbuffeen... Om vi ikkje startar her, hos oss sjølve på konferansen Norsk drikke, korleis skal vi då nå ut med den gode smaken??? Det siste kunden skal gjere i resepsjonen er å ta med seg ei gåveeske med syltetøy, saft og sukk, ikkje brennevin eller alkoholholdig sider frå Balestrand. Men i alle fall.... lysta, gnisten til å ta med seg ein matsuvenir frå den fantastiske drikken eg vart kjend med under opphaldet mitt i Balestrand den vil eg ta med heim å dele....

Konklusjon - vi treng nokre år med Norsk drikke før vi er der vi har potensial til å vere....