Omsider vår og vår er det også for omsetning av lokalmat...
Det er tid for våronn omsider. Bloggen her har stått litt stille, men menneska bak har definitivt ikkje stått stille i vinter. Kursaktiviteten på Sogn Jord og Hagebruksskule, Kompetansenavet og alle våre samarbeidspartar har blomstra og vi har verkeleg stått på i vinter. Blir spennande å fylje alle kursdeltakarane og prosjekta vidare. I tillegg har mange hatt besøk og fått fart på sine små og store utfordringar, planar, søknader osv. Ei mengde nye produsentar kjem til og alle vi andre som har helde på ei stund ser ein knallbra og utruleg vekst! Bondens marked i Bergen har marknad annakvar veke no. Omsetninga går litt opp og ned, men det er opp og ned frå bra til veldig bra. Aldri under det som er brukbart, dvs. at produsenten set igjen med nok til å dekke sine utgifter med salget både tidsbruk og fysiske utgifter.Det har vore 17 til 20 deltakar no på vinteren. Det er berre å satse folk - denne maten vil folk ha - det er det liten tvil om.
Bilder her:
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar