Månadsbrev frå Kompetansenavet vest - kompetansenettverket for lokal mat.
2012/1 sept/oktober
Hei, no listar vi oss til å få til eit månadsbrev frå
Komptansenettverket for lokal mat. Det spirer og gror i næringa vår og kundane
er overstrøymande begeistra. Navet i Aurland kom for alvor i gang i 2002 og har
sidan då dreve med kurs, besøksordning ulike studieturar og hatt knytt til seg
ulike fagpersonar. Kanskje har du ikkje tenkt over at du har fått hjelp frå
navet eller at kurs du har vore på er finansiert gjennom denne ordninga. Men det
er ikkje så viktig, oversikt over fagfolka våre finn du på nettsidene: www.kompetansenavet.no eller om du har fagfolk du vil ha hjelp
frå kan vi ordne det.
I denne
mailen lister vi opp kurs, seminar, aktivitetar i regionen og nokre peikarar ut
nasjonalt. På slutten av eposten listar vi opp saker og påminningar vi meiner er
viktige. Har du ting som bør med i denne eposten så send oss epost til:
aud.slettehaug@sfj.no
Vi har
kontinuerleg opptak av saker for besøksordninga, så har du behov for å ha på
plass fagperson eller drøfte ei utfordring med nokon så ta kontakt, helst på
epost: aud.slettehaug@sfj.no, men forsøker å vere tilgjengeleg på tlf. 47375739
mellom kl. 10.00 – 17.00 kvar dag.
Kompetansenavet på Facebook – mange av dykk kommuniserer på
Facebook med kundane, no kan du halde deg oppdatert på kurstilbod og andre saker
ved å like Kompetansenavet Vest. Her legg vi ut info som vi kan dele med alle.
Sensitiv info om bransje eller for eks ei evt krise vil vi kommunisere gjennom
epost eller nettverk som Bondens marked.
Særavgifter
Det er særavgifter på drikkevarer og emballasje både til
drikkevarer med og utan sukker og andre flytande varer som er tilsett sukker
eller ikkje.... Har du endå ikkje komme i gang med rapportering til denne
avgifta så ligg det ein artikkel på bloggen om korleis du går fram
for å registrere deg osv. Ta kontakt på epost så kan vi hjelpe deg vidare.
Kurskallendar hausten 2012:
Sjå Landbrukskurs for alle kurs retta mot bondesektoren i dei to fylka Hordaland og Sogn og Fjordane.
18.-19. oktober: Emballasje til ost, Rica Hell – Værnes. Samt nettverkssamling Norsk Gradsost. Kursavgift/eigenandel: hotellkostandar ca. 1600,- inkl middag torsdag kveld og reise. www.sjh.no/ressurssenter
24. oktober – 1. november: Del 1 Mjølkeforedling, SJH Aurland. Kurslærarar: Pascale Baudonnel og Ragnhild Nordbø. 3-4 plassar ledig, bindande påmelding snarast. Pris kr. 8600,-
5-6. november: NRL kurs mjølkeforedling, lag HACCP plan, Ragnhild Nordbø, SJH Aurland eller ein annan stad nær deltakarane.
23. november: Parteringskurs hjort, Alver Hjort, Knarvik. Kr. 2390,- kl. 9.30-16.00. www.hjortesenteret.no kurskalender.
30. november – 2. desember: Tradisjonell ølbrygging, SJH Aurland med Sjur Hermann Rørlien. Kr. 3600,- i tillegg kjem overnatting i 2 døgn.
11. januar: Spekepølsekurs med Magnhild Dyrdal. Booking i svanøybutkken på nett. Kurs i regi av Norsk Hjortesenter. Pris kr. 2500,-
21-25. januar: Innføringskurs i ysting av rå mjølk med Pascale Baudonnel. SJH Aurland. Kr. 4400,- inkl enkel overnatting og alle måltid. www.sjh.no/ressurssenter
Andre kurs utover vintern vert snart annonsert: • 26 feb. – 2. mars: Del 2 foredling mjølk, SJH Aurland, sjå Norsk Gardsost sin kursoversikt.
• 4 – 7 mars: SJH Aurland Del 3 foredling – NB! passar for alle som skal starte eller er nystarta med foredling av alle typar råvarer.
• Mars/april: Studietur mjølk
• Temadag lefser
• Foredling drikkevarer temadag
• Kjøkkenhage for serveringsbedrifter
• Ville vekstar tema dag
• Foredling vill hjort – nettverk verdikjede
• Økonomiillustrator mars 2013
• Fagdag sosiale medier/kommunikasjon
• Distirbusjon og omsetting i butikk
• Krisehandtering – korleis taklar eg ein evt. Krise, tilbakekalling av produkt osv.
• Dersom behov – fagdag om særavgifer
• Kjøtforedling – prøver å få i gang grunnkurs i feb/mars
• Foredling jus – prøver å få i gang grunnkurs over 4 dagar, kjem truleg i gang i mars/april.
Seminar/konferansar: Hardanger Matkulturfestival 28 - 30 september. Eidfjord. lokalt/regionalt
Smak av Sogn/Lærdalsmarknaden – fredag 28 sept., Lærdal kulturhus, kontakt Helene Maristuen, Bærekrftpiloten Lærdal. Lokalt
Matamål matfestival 28-30 september, Sandane. lokalt
Ciderfestivalen - 5-7 oktober, Øystese. Regionalt/lokalt.
Norsk Drikke – 18- 20 oktober, Balestrand. Regionalt/Nasjonalt
Mat og Reiseliv – 23-25 oktober, Sundvolden hotell. Nasjonalt.
Mad food camp - symposium for lokal mat, Danmark. mange gode foredrag på film her.
Matmerk - markedstjenseter du kan kontakte dei direkte.
Like oss på Facebook: Kompetansenavet vest og landbrukskurs
Då håpar vi at dette var nyttig informasjon, at alle linkane virkar.
Skulle du ikkje vere interessert i denne eposten eller har fått den fleire gonger, gi oss eit ord ved å svare på den så skal vi få endra det. De som er i BM Bergen kan ha fått denne to gonger, eg skal få vaska adresselista på dette punktet til neste mail.
Ta kontakt om det er kompetansetiltak du hadde hatt bruk for men som vi ikkje pr i dag tilbyr. Vi skal til å jobbe med kursplanen for 2013-14 no så då hadde det vore kjekt med konkrete innspel. Eller har saker du ynskjer å drøfte.
Vedlagt ligg eit infoark om kompetansenavet.
Ynskjer alle ein fortsatt god haust!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar