fredag 20. februar 2015

Kurs og konferansar mars 2015

Det lir mot vår, men før det rekk vi eit lite kunnskapsløft og erfaringsutveksling. Lokalmaten veks som aldri før og marknaden er verkeleg sugen på "nye" opplevingar. Det er plass til mange fleire i denne næringa, mange har lukkast godt og vakse seg passeleg store og mange er inne i vekstfasar. Dei som set igang har kort veg frå oppstart til godt sal, men innsats er det - svært mykje som skal lærast. Der kjem vi i Matnava inn og yter kompetansestøtte i den bratte lærekurva dette ofte er.

Matnava, Innovasjon Norge og FMLA tilbyr kurs i næringsmiddleproduksjon, rettleiing og viser veg i starten og gjennom vekst. Det å samle seg på konferansar der vi legg stor vekt på å få tid til erfaringsutvksling og oppleve eit måltid i lag har vi erfaring med fungerer for å skaffe overblikk, og samle impulsar til utviklingsarbeidet.  Starten av mars viser seg å vere ei tid då mange har TID til å vere med på samlingar.

Vi tilbyr også LANGE kurs - mjølkeforedling del 1 startar på mandag 23 februar (8 dagar) - der har vi fult kurs, men legg med linken til programmet her slik at de som treng dette kurset i framtida kan melde dykkar interesse.

Då ser lista slik ut og vi oppgraderer denne postinga:

Måndag 23. februar - Agro Businesspark har tek du sjansen? - samling på Fjordamattunet. Invitasjon på facebook  her.
Måndag 23. februar - Lokal foredling mjølk del 1 - Aurland, Sogn Jord- og hagebrukssule
Tysdag 3. mars - Sogndal - distirubusjon, pakking og logistikk - seminar. Vestlandskforskning.
Onsdag 4 og torsdag 5 mars - SIKT mot fjordane. FMLA og Kompetansenavet Vest. Går å berre ta ein dag. onsdag seminar, torsdag praktiske kurs. middag på Åmot Operagard onsdag kveld.
Onsdag 11 og torsdag 12 mars - Matsmiå i Haugesund - seminar og praktiske kurs. Matnavet sør og FMLA.
tysdag 10, onsdag 11 og torsdag 12 mars - Mat på Mære - 10 år! - Matnavet midt.

Til slutt Aurlandsseminaret som har jord, beite og fermentering av mat som tema. Program og seminaret har eiga webside her.  

Etter påske kjem det fleire kurs - kan nevne økonomi og kalkylekurs med Matmerk og Teknologisk institutt 4 og 5 mai på Voss.

Sjå ellers kurskallender hos innovasjon Norge  sidene til lokalmat og grønt reiseliv her.
Landbrukskurs - kurs for vestlandet her.