mandag 3. juni 2013

Løvetannsalat

Blir løvetann like vanleg å finne i salaten som ramsløk er blitt? Løvetann er kanskje på vei tilbake til kjøkkenet, nokre få blad og ein heil dagsrasjon av grønsaker er sikra, dermed kan vel også husholdningsøkonomien juble. Tid for kunnskapsbyks, prøving og feiling - det er definitivt tid for å sanke ugras!

Denne veka har eg renska ut kilovis med løvetann frå bed, plen, grusveg, mellom steinar og kor den måtte finne på å spire. Sist veke fekk eg servert løvetann og surbla på ulike restaurantbesøk i Washington, USA. Dette fekk meg til å lese meg opp på veksten som eg trur vi kjem til å bruke mykje meir av i maten og få oppleve på restaurant i sesong, slik ramsløk og etter kvart nesle er blitt vanlege ingrediensar.

Løvetannblada er bitter i smak, kan likne litt på roccolasalat. Den må haustast når den spirer, så kort sesong. Blomsten har muligheiter som drikke, saft, te og vin. Men rota er kanskje mest interessant. Den gir eg meg ikkje ut på å skrive meir om her - men linkar heller til meget utfyllande info: http://www.rolv.no/urtemedisin/medisinplanter/tara_off.htm

Og nokre saker til inspirasjon:
http://www.kk.no/871605/spis-lovetann
http://www.friluftsrad.no/file=5454
Så kan den interesserte google seg vidare på dendelions....


Så med opplest info om næringsinnhald i løvetann, overraskande gode rettar på studietur i USA

Løvetannsalat hos Acme Farms and Kitchen in Bellingham, WA.
Surbladsuppe på Mormor Bistro i Poulsbo, WA. 
og ein smule nyskjerrig på kva som kan smake godt nede i den spirande bakken vår, så var eg på ein kjapp sanketur og laga til denne retten 31 mai 2013.


Salat til ein person:


Frå hagen:
5 surblad
8 løvetannblad
4 stilkar grasløk
4 marikåpespirer
1 løvetann blomst
2 kvastar engkarsse
1 stilk rabarbra (la i kald sursøtlake (eddikk og honning) 1 døgn)
 
Frå kjøleskåpet:
1 lita gulrot (økologisk frå butikken)
2 salamipølser strimla
2-3 ss reve Sterkenils (ost frå det vesle ysteriet med dei store smakane, Samnanger)

Bringebærvinaigrette laga frå botnen av:
50 gr økologiske bringebær frå Kroken i Luster.
2 ts sommarhonning frå Sognabia i Lærdal (så søtt som ein vil ha det)
Litt eplejus frå Fjordane Gardspresseri
Eddikk, for eks. bringebæreddikk frå Kroken Frukt og bær,
Sar frå Høgt og Vilt urter frå Devik
pepper (nykverna svart - fordi eg må ha det... kan sløyfast)
Dijon Sennep og heile sennepsfrø
Olje (obs. mild smak - evt. droppe om ein ikkje har rett type). Eller ha på olivenoje i tillegg til vinaigretten.
 
Resultat:
 
Magnus 20 månader syntes det var rasande moro at mamma åt bombst og måtte smake:
 
Kompetansenavet vest har kurs i ville vekstar og for deg som driv med servering kan vi tilby hjelp av matkontakten vår Hanne Frosta som jobbar mykje med smak og bruk av ville vekstar.