torsdag 22. november 2012

Bagatellisering frå TAD i dag

Då har det vore ei rekke artiklar om avgiftene den siste veka. Mange har uttala seg inkl. oss i Kompetansenavet vest. I artikkelen i papirutgava av nationen i dag så kjem det fram at avdelinga for særavgifter hos TAD ikkje synest produsentane kan ha noko stor jobb med avgiftslagera. Ikkje mykje audmjuk haldning der nei. Og litt vel arrogant å påstå at det må jo vere i produsenten si interesse å ha oversikt over eige lagar.


Vanskeleg å lese dette så send ein epost: aud.slettehaug@sfj.no så sender eg den over.


La meg seie det slik - å ha oversikt over eige lager er no ein ting - men å skulle dokumentere lageret for inspeksjon til ei kvar tid er ikkje berre litt forskjell, men ganske stor. Finn TAD avvik i det dokumenterte lageret kan dei med lova i hand pålegge produsenten ekstra avgifter. Og eg forstår fortsatt ikkje kvifor same produsent kan rapportere mva ein gang i året, men må dokumentere bringebærsafta si med antall flasker  her og der på dagen. MVA er vitterleg ei mykje større avgift enn sukker- og miljøavgifter. Det er heller ikkje lenge sidan TAD gjekk over til elektronisk innrapportering og vi veit jo alle at altinn fungerer jo til ei kvar tid.

La oss rekne litt tid og verdiar for produsenten her:
Å registrere eit skjema på altinn tek minimum 15 min uansett kva du skal gjere med all mulig slagsinnlogging og signeringar. Legg du til tida det tek å føre lageret sitt kvar dag så tek dette også  minimum 10-15 min pr gang du skal gjere noko med det og har du salg/inn og ut av lageret ditt minst 200 dagar i året så er det lik 2000 - 3000 minutt som er 33 - 50 timar lagerføringstid i året pluss rapporteringa til altinn: 15 min x 12 rapportar= 3 timar (sjølv om du har null i sal så må du ta deg tid til å rapportere 0). I tillegg kjem betaling for avgifta i nettbanken, føringa av utgifta i rekneskapen også minst 3 timar i året. Anna brevskriving og evt besøk frå TADset vi til snitt 2 timar i året.
Totalt med lågaste tal min for lagerføring 10 min lagerføring 200 dagar i året (33 timar) + 8 timar adm arbeid = ca ei vekes arbeid går vekk til dette i året. Saka er at dette er nett den same tida som dei store bedriftene brukar  då dei har dette digitalisert og går mot ordrar, hos dei små går det manuelt og folk flyttar på flaskene i tillegg.

Set vi timesatsen til kr. 350 x 41 timar til dette pr år =  kr.14 350,- 


Ta vekk kravet om full lagerstyring og rapportering ein gang i året så ville kostnaden for dei minste bedriftene vore nede i under ein time og telling av lager kunne vore samtidig med varetellinga til årsavsluttninga. Antall einingar selde i løpet av eit år må ein sjølvsakt registrere så litt meir tid vil det ta gjennom året men likevel langt enklare.

Det blir litt meinigslaust når TAD påstår i artikkelen i Nationen i dag at dette ikkje er noko ekstra arbeid for dei små produsentane - dette heng ikkje saman med det Giske har lova dei små bedriftene. Kva vinn samfunnet på å måtte ha slike avgiftslager på sukker og drikkevarer av jus? Då har vi ikkje ein gang starta på miljø og helsedebatten i dette.... eller satsinga på lokalesmakar og drikkevarer.

Heldigvis har Høgre og Frp lova å sjå på saka - vi får håpe dei klarer å følge dette opp. Og her i Kompetansenavet vest fyljer vi nøye med.

onsdag 14. november 2012

Kvardagen som driftar av eit avgiftslager

Ikkje nok med at du skal betale sukkeravgift du skal også drifte eit avgiftslager og det er ikkje berre berre. Les om det i det årlege rundskrivet frå Toll - det er finansdepartimentet som gir føringar for størrelsen på avgiftene og no skal sukkeravgifta nok ein gang opp. punkt 11.16 og 11.17 tek føre seg desse utgiftene



I går fekk Lerum fram i NRK Sogn og Fjordane at dei likar dette dårleg og kjempar for å differensiere eller få vekk sukkeravgiftene. Vi tipsa NRK at dette også gjeld mange andre produsentar av drikkevarer rundt omkring i frukt og bærfylket Sogn og fjordane. Visste du forresten at er du produsent av drikkevarer og serverer smaksprøver til gjestane dine så må  du dokumentere kor mange cl kvar enkelt gjest smakar/drikk???? Ikkje nok med at du skal dokumentere kor mange flasker du tek ut av lageret til smaking, men kor mange cl du fyller i kvart glas...... Bur vi i Norge i 2012 eller ka i alle dagar er dette regimet. Men Finansdepartimentet synest det er ok med særavgifter for dei tenker jo berre på sine inntekter og så brukar dei unnskyldninga om at avgifter må vi ha for ellers blir folk for feite. Og legeforeininga er med, sukkeravgift er bra, høge avgifter på sukker er god prevantiv politikk ....

Ja ja.... i dag fekk vi i alle fall litt taletid kl. 06.45 på lokalen i sogn og fjordane, nokre kvitrande morgonfuglar fekk det kanskje med seg - men vi får skrive om saka og halde litt støy rundt den glade kvardag i å drifte avgiftslagera til staten så kanskje, kanskje ein gang kan det gå opp eit lys for nokon som bestemmer i dette landet at dette er galt - motivasjonen til små produsentar av matspesialitetar på alkoholfrie drikkevarer er for lengst oppbrukt på dette temaet - der er det endre eller escape som er alternativa.

Nei - rapportering ein gang i året og fritak frå å føre full rekneskap med lager.
Avgiftene er ok å betale som ellers i bransjen, men rapporteringa og tilsynet med desse lagera kan det umulig vere samfunnsøkonomisk nytte i.

Kan også legge til denne artikkelen som har stått på trykk i det siste:
http://www.nrk.no/nyheter/norge/1.8390215

tirsdag 6. november 2012

Lokalmatprogrammet sine støtteordningar

Vi er alt midtveis i det 3 årige Lokalmatprogrammet og betydelige midler og virkemidler er i sving. Men du lurer kanskje på kva midler og hjelp som er tilgjengeleg for deg. Her ein liten kjapp oppsummering:

Heilt fersk og med idear, ivrig etter å komme i gang:
Ta kontakt med næringsfondet i kommunen - det er mange kommunar som har fond som ein kan søke midlar frå. Her kan du få midlar til fysiske investeringar, hjelp til planlegging og hennvisning til andre verkemidler. Har du næringsmiddelfaglege spørsmål eller treng litt påfyll av kompetanse innan ein produksjon tek du sjølvsakt kontakt med Kompetansenavet.

Etablerar:
Når idefasen er over og bedriftsetablering er ein realitet så kan Innovajson Norge vere staden å få litt drahjelp. Her blir det gitt etablerarstipend og investeringstilskot til ulike næringar. Adressa der du bur, bransje, om du er kvinneleg grunder osv kan vere faktorar som avgjer om du får støtte eller ikkje.

Bedriftsutvikling:
Bedrifta er i gang, men du har allikavel investeringar eller pålegg frå Mattilsyn, Arbeidstilsyn eller andre som gjer at du bør gjere grep. Kanskje treng produktet nytt design eller profilering då kan du også søke om midlar hos Innovajson Norge eller kanskje det kommunale Næringsfondet dersom prosjektet ikkje er så stort. Ikkje gløym dei kommunale næringsfonda. Her link til ein pdf om denne støtteordninga.

Vekst:
Har du vekstambisjonar eller slit i det berømte "blodbadet" der faste kostnader er store, salgsvolumet skal aukast men tek tid, arbeidskraftkostnadane store osv. Då finst dei eigne midlar for vekstbedrifter. Kravet er at bedrifta har minimum 1 mill i omsetning, 1 årsverk og potensial/mål for vekst på 30 % over dei neste 3 åra.

Forplikatnade samansluttningar:
Det finst også midlar hos Innovasjon Norge for bedriter som inngår forplikatande samarbeid. Bestill eit møte hos rådgjevarane hos Innovajson norge og legg fram samarbeidet. Litt lurt å lufte ideen før ein set i gang med søknadsskriving.

Felles for alle er at støtta vert gitt for godkjente kostnadar. Tilskot kan variere frå 10 - 75% av den godkjente kostnaden. Treng du lån i banken kan rentestøtte også vere ei lita hjelp.

Mange hjelparar:
- Hos FMLA er det eigne folk som arbeider med ulike næringsutviklingsprosjekt, Landskapsparkar, Turisme, Lokalmatforedling, Økologisk, satsing på frukt og bær, ikkje nøl med å ta kontakt med dei. Send gjerne ein epost først så er det litt lettare å komme i gang med konkret rådgjeving.
- Innovajson Norge - eigne folk som arbeider med Lokalmatprogrammet i alle fylker. Ring sentralbordet så veit dei kven dei skal sette deg i kontakt med. I Hordaland May Britt Otterlei og i Sogn og Fjordane Tor Holsen.
- landbruksrådgjevinga, bondelagsorganisasjonane, Hanen, Norsk Gardsost, Bondens marked osv kan også vere potensielle sparringpartar.
- Besøksordninga hos kompetansenavet kan vere ei ordning som kan komme inn når ideen eller næringsmiddelfaglege spørsmål skal løysast. Ei lang rekke rådgjevarar er på lista her på ulike fagområder frå ysteteknologar, pølsemakarar osv.
- Norsk Hjortesenter - hjorten er ein stor ressurs på Vestlandet - planar om foredling, levering av kjøt til mottak osv. Ta kontakt med dei.
- Økologisk epledyrking - vi treng meir økologiske eple - komme i gang her ta kontakt med folka i føregangsfylket for økologisk dyrkning.

Kompetansenavet Vest planlegg eit stort kurs som passar for alle desse fasane 5-7 mars i Aurland/Flåm. Det er modul 3 i foredling. Der kjem vi inn på ulike økonomiske, marknadsmessige og planleggingsfaglege ting. Strategiar, finansiering osv. Kurset skal gjere deg i stand til å planlegge, bli trygg i dei strategiske valga ein heile tida må gjere. Kurset kjem snart på Landbrukskurs.no og på www.sjh.no/ressurssenter