tirsdag 25. september 2012

Hausten 2012, bloggen er igang igjen!

Hei, det vart litt stille her på bloggen, men no er vi i gang igjen. Første innlegget blir månadsbrevet som også er gått ut på epost. Har du ikkje fått det og vil ha månadsbrev på epost så send oss ein mail om det: aud.slettehaug@sfj.no

Månadsbrev frå Kompetansenavet vest - kompetansenettverket for lokal mat.


2012/1 sept/oktober


Hei, no listar vi oss til å få til eit månadsbrev frå Komptansenettverket for lokal mat. Det spirer og gror i næringa vår og kundane er overstrøymande begeistra. Navet i Aurland kom for alvor i gang i 2002 og har sidan då dreve med kurs, besøksordning ulike studieturar og hatt knytt til seg ulike fagpersonar. Kanskje har du ikkje tenkt over at du har fått hjelp frå navet eller at kurs du har vore på er finansiert gjennom denne ordninga. Men det er ikkje så viktig, oversikt over fagfolka våre finn du på nettsidene: www.kompetansenavet.no eller om du har fagfolk du vil ha hjelp frå kan vi ordne det.

I denne mailen lister vi opp kurs, seminar, aktivitetar i regionen og nokre peikarar ut nasjonalt. På slutten av eposten listar vi opp saker og påminningar vi meiner er viktige. Har du ting som bør med i denne eposten så send oss epost til: aud.slettehaug@sfj.no

Vi har kontinuerleg opptak av saker for besøksordninga, så har du behov for å ha på plass fagperson eller drøfte ei utfordring med nokon så ta kontakt, helst på epost: aud.slettehaug@sfj.no, men forsøker å vere tilgjengeleg på tlf. 47375739 mellom kl. 10.00 – 17.00 kvar dag.

Kompetansenavet på Facebook – mange av dykk kommuniserer på Facebook med kundane, no kan du halde deg oppdatert på kurstilbod og andre saker ved å like Kompetansenavet Vest. Her legg vi ut info som vi kan dele med alle. Sensitiv info om bransje eller for eks ei evt krise vil vi kommunisere gjennom epost eller nettverk som Bondens marked.


Særavgifter

Det er særavgifter på drikkevarer og emballasje både til drikkevarer med og utan sukker og andre flytande varer som er tilsett sukker eller ikkje.... Har du endå ikkje komme i gang med rapportering til denne avgifta så ligg det ein artikkel på bloggen om korleis du går fram for å registrere deg osv. Ta kontakt på epost så kan vi hjelpe deg vidare.



Kurskallendar hausten 2012:

Sjå Landbrukskurs for alle kurs retta mot bondesektoren i dei to fylka Hordaland og Sogn og Fjordane.

15. oktober ny dato 1. nov: Konserveringsteknikkar Frukt og bær. Kurslærar: Kari Støfringsdal. Stad: Radøy, Tysse, Samnanger.  Pris kr. 1200,- Det er planlagt to slike kurs i Hordaland denne hausten – meld di interesse til oss på epost: paamelding.sjh@sfj.no Program her:

18.-19. oktober: Emballasje til ost, Rica Hell – Værnes. Samt nettverkssamling Norsk Gradsost. Kursavgift/eigenandel: hotellkostandar ca. 1600,- inkl middag torsdag kveld og reise. www.sjh.no/ressurssenter

24. oktober – 1. november: Del 1 Mjølkeforedling, SJH Aurland. Kurslærarar: Pascale Baudonnel og Ragnhild Nordbø. 3-4 plassar ledig, bindande påmelding snarast. Pris kr. 8600,-

5-6. november: NRL kurs mjølkeforedling, lag HACCP plan, Ragnhild Nordbø, SJH Aurland eller ein annan stad nær deltakarane.

23. november: Parteringskurs hjort, Alver Hjort, Knarvik. Kr. 2390,- kl. 9.30-16.00. www.hjortesenteret.no kurskalender.

30. november2. desember: Tradisjonell ølbrygging, SJH Aurland med Sjur Hermann Rørlien. Kr. 3600,- i tillegg kjem overnatting i 2 døgn.

11. januar: Spekepølsekurs med Magnhild Dyrdal. Booking i svanøybutkken på nett. Kurs i regi av Norsk Hjortesenter. Pris kr. 2500,-

21-25. januar: Innføringskurs i ysting av rå mjølk med Pascale Baudonnel. SJH Aurland. Kr. 4400,- inkl enkel overnatting og alle måltid. www.sjh.no/ressurssenter


Andre kurs utover vintern vert snart annonsert: • 26 feb. – 2. mars: Del 2 foredling mjølk, SJH Aurland, sjå Norsk Gardsost sin kursoversikt.
• 4 – 7 mars: SJH Aurland Del 3 foredling – NB! passar for alle som skal starte eller er nystarta med foredling av alle typar råvarer.
• Mars/april: Studietur mjølk
• Temadag lefser
• Foredling drikkevarer temadag
• Kjøkkenhage for serveringsbedrifter
• Ville vekstar tema dag
• Foredling vill hjort – nettverk verdikjede
• Økonomiillustrator mars 2013
• Fagdag sosiale medier/kommunikasjon
• Distirbusjon og omsetting i butikk
• Krisehandtering – korleis taklar eg ein evt. Krise, tilbakekalling av produkt osv.
• Dersom behov – fagdag om særavgifer
• Kjøtforedling – prøver å få i gang grunnkurs i feb/mars
• Foredling jus – prøver å få i gang grunnkurs over 4 dagar, kjem truleg i gang i mars/april.




Seminar/konferansar: Hardanger Matkulturfestival 28 - 30 september. Eidfjord. lokalt/regionalt



Smak av Sogn/Lærdalsmarknaden – fredag 28 sept., Lærdal kulturhus, kontakt Helene Maristuen, Bærekrftpiloten Lærdal. Lokalt



Matamål matfestival 28-30 september, Sandane. lokalt



Ciderfestivalen - 5-7 oktober, Øystese. Regionalt/lokalt.



Norsk Drikke – 18- 20 oktober, Balestrand. Regionalt/Nasjonalt


Mat og Reiseliv – 23-25 oktober, Sundvolden hotell. Nasjonalt.



Mad food camp - symposium for lokal mat, Danmark. mange gode foredrag på film her.



Matmerk - markedstjenseter du kan kontakte dei direkte.



Like oss på Facebook: Kompetansenavet vest og landbrukskurs




Då håpar vi at dette var nyttig informasjon, at alle linkane virkar.



Skulle du ikkje vere interessert i denne eposten eller har fått den fleire gonger, gi oss eit ord ved å svare på den så skal vi få endra det. De som er i BM Bergen kan ha fått denne to gonger, eg skal få vaska adresselista på dette punktet til neste mail.



Ta kontakt om det er kompetansetiltak du hadde hatt bruk for men som vi ikkje pr i dag tilbyr. Vi skal til å jobbe med kursplanen for 2013-14 no så då hadde det vore kjekt med konkrete innspel. Eller har saker du ynskjer å drøfte.



Vedlagt ligg eit infoark om kompetansenavet.



Ynskjer alle ein fortsatt god haust!