torsdag 29. mars 2012

Særavgifter

Oppskrift for å komme i gang med avgiftsbetaling:
Siste oppdatering av denne var 8. april 2013, det kan vere missforståingar og manglar her, men dette skal hjelpe nye produsentar i gang. Ikkje lett å på at dei kan vere pålagt desse særavgiftene. Som næringsdrivande skal ein orientere seg sjølv om kva plikter sin produksjon har.

Produserer ein alkoholfrie drikkevarer pliktar ein å sette seg inn i dette rundskrivet: http://www.toll.no/upload/aarsrundskriv/2014/2014_Alkoholfrie_drikkevarer.pdf

Kort om avgiftene på toll.no
http://www.toll.no/no/bedrift/saravgifter-og-gebyrer/alkoholfrie-drikkevarer/kort-om-avgift-pa-alkoholfrie-drikkevarer/


Definisjon Miljøavgift drikkevarer: wikipedia har ein lettfatteleg versjon av dette.

Alle fyllarar av drikkevarer pliktar å betale særavgifter, emballasjetype avgjer kva avgifta er eller om du skal betale avgift på den bestemte typen emballasje.

Det er ikkje så lett å komme på eller bli informert om at ein faktisk er pålagt særavgifter og i alle fall ikkje umiddelbart lett å forstå korleis dette fungerer. Difor har vi laga denne artikkelen som vi håpar kan hjelpe slik at du kjem i gang med rapportering med ein gang første falske eller bag in boks er klar til fylling og sal.

Som foredlar av lokale råvarer kan ein av og til lure på om ein er blitt ein nyttig idiot for systemet for der det eine departimentet oppfordrar og putter penger på for utvikling, der kan det sjå ut som eit anna ligg og dreg pengar inn igjen. Slik kan det sjå ut med særavgiftene = alle som fyller drikkevarer på ei eller anna form for emballasje må passe på for driv du med slikt skal du rapportere og betale avgifter etter eit sirlig system. Det blir fort gebyr og store summar om ein ikkje gjer dette på rett måte. I tillegg er ein avgiftspliktig på drikkevarer ein framstiller for sal av eigne råvarer, sjølv om desse vert fylt på emballasje over 4 liter.

I denne artikkelen skal vi forsøke å forklare korleis særavgiftene på alkoholfrie drikkevarer fungerer. (her serleg vekt på fyllarane på voluminnhald under 4 liter) Korleis du skal melde deg inn i Grønt punkt (GP) og i TAD (toll og avgiftsdirektoratet). Utan medlemskap i GP oppnår ein ikkje rabatt på avgiftene hos TAD. I tillegg har vi sukkeravgiftsystemet her skal alle som brukar søtningsstoff i produksjonen av drikkevarer betale avgift på drikkevare med sukker eller søtningsstoff når vara vert tatt ut av lager for sal. Det er krav om full lagerstyring.

Men først kva er miljøavgift på drikkevareemballasje?
For alle som er fyllarar av alkoholfrie drikkevarer så gjeld særavgifter. Dette er fyllar sitt ansvar og ein har ikkje betalt denne avgifta på flasker og emballasje kjøpt td hos Norpakk. Sjølv om det er ei avgift der også. Enkelt sakt så må nokon betale for den returordninga vi har på emballasje og dette er pålagt fyllarane. Grønt punkt motiverer forbrukarane til å gjennvinne mest mulig slik at rabattane blir størst mulig.

Steg for steg innmelding og registrering:
1) Produsenten/fyllaren må melde seg inn i GP eller ei anna returordning. (gjeld for alle fyllarar), ikkje medlem i returordning ingen rabatt hos TAD. . Her er siden hos GP som informerer om dette. 

To skjema skal fyllast ut hos grønt punkt:
Skjema nr 1. Innmeldingsskjema/standard avtaleskjema:
http://www.grontpunkt.no/files/dmfile/standardavtaleskjemautfyllbart.pdf

Skjema nr 2. Drikkevareemballase/Tilleggsavgalen:
http://www.grontpunkt.no/files/dmfile/Tilleggsavtaledrikkevareemballasje.pdf
 
2) Produsenten får tilsendt oppsett fra GP på koder som gjelder for det enkelte produkt.   Det er miljøavgiftene og sukkeravgift. Sjå heile dokumentet for regelverket her.

3) GP melder navn, organisasjonsnummer og adresser på bedriften til TAD.

4) Produsenten melder selv avgiftskodene videre til TAD
I tillegg må det skrives ei melding til Toll og avgiftsdirektoratet, eit brev (ikkje skjema for dette), med forklaring på forhold ved lager og handtering av lager. (krav om full lagerstyring) Rundskriv side 14 §5-5 - bruk denne som innhaldsliste - registreringsmeldinga du skal skrive til TAD. Rundskriv 2013 her: http://www.toll.no/upload/aarsrundskriv/2013_Alkoholfrie_drikkevarer.pdf

5) TAD sender adgangskode for altinn.no til produsent, som gjør at en får tilgang på ELSÆR der det elektroniske registreingsskjemaet ligger (RD-0007) Elektronisk innrapportering her.
6) Produsenten må sende inn registreringsskjema innen den 18 hver mnd til TAD , i praksis Altinn. Nulloppgave om du ikkje har selt noko.

Link til Grønt Punkt.

Tilbakemelding frå produsenter er at Lagerstyring og –kontroll er myje ekstra arbeid, det er ikkje nok med internkontrollsystema ein har frå før, det må eigen system til for å handtere for eks gjæring på flaske på lager osv. I tillegg kjem innrapportering til TAD kvar måned ofte med svært små summer eller null oppgåver. Skylder du avgifter for under 100 kr - skal du sleppe å betale. Avgiftene er ikkje dei store summane, men det er alt arbeidet som er så ressurskrevande og gjerne for svært små summar som skal inn. Men regelverket er slik utarbeida og likt for alle om ein er svært stor eller svært liten.

Artikkelen er under stadig utarbeiding etter som kunnskap og forståing for dette sig inn, det er mange som har spørsmål om dette no så vi har lagt  det ut, har de kommentarar/hjelp til oppklaringar så send dei til: aud.slettehaug@sfj.no

Kva koster dette i praksis:

Grønt punkt: koster ikkje noko så lenge du ikkje kjem opp i store volum. Glass har du som regel alt betalt den bitte lille miljøavgifta når du kjøpte glassflaskene og anna glass. Men nokre leverandørar av inneremballasje til bag in boks ikkje betaler denne avgifta så må du som fyller melde dette inn til Grønt punkt. Om du ikkje er svært stor så kjem du ikkje opp i nok forbruk til å måtte betale noko her.

Grunnavgifta: Du melder inn solgt varer pr mnd. Elsær reknar ut avgifta som kan variere gjennom året.
Miljøavgiftene: (i praksis glass og plast) varierer med type emballasje, volum over 4 liter ingen avgift. Det er bare emballasjen som er fysisk i kontakt med drikkevaren ein skal betale avgift for.

Sukkeravgifta: vert rekna ut pr liter solgte enheit. 3,06 pr 8 april 2013.

difor i praksis blir det slik:
= er du berre jusprodusent og ikkje tilset noko sukker, sel små volum heile året, i praksis veldig lite avgift.
= tilset du sukker i drikkevarene er det litt å betale pr liter, 50 liter solgt x 3,06 pr liter= 153 kr.

I arbeid kostar dette litt meir - så lag gode rutiner frå starten av:
Lager: Du skal ha kontroll på antall liter og flasker/einingar ut og inn av lager. Registrere manko. Og melde frå til TAD når du evt. skal destruere drikkevarer.  Vaskar du flasker for eks brukt til smaksprøver skal desse betalast ny avgift for....




fredag 9. mars 2012

Lokalmat Hordaland 2012

Lokalmat Hordaland er ei satsing frå Fylkesmannen i Hordaland, Innovasjon Norge og Kompetansenettverket i samarbeid med nettverk i fylket for å få inspirasjon og sjå på mogelegheiter for utvikling i næringa. Vi skal ha 4 konferansar og den første er no i dag i Norheimsund. Vi er vel 55 deltakarar her no + foredragsholdarar. Interessante diskusjonar om vidareutvikling både på bedriftsnivå, overordna for regionen og samarbeid i nettverk. No presenterer Håheim gård bedriftskonseptet sitt - sunn oppstart av ei bedrift..... skal skal ikkje? Vi hoppa i det - og det gjekk. BU pris Hordaland 2011 og norges beste bygdeutviklingspris.